Her rår det ei trist stemning i dag

I dag vart det klart at UDI vil legge ytterlegare 3.800 plassar ved 21 asylmottak i Norge.

Eitt av desse er mottaket i Årdal, med sine 123 bebuarar. Avgjerda råkar sju tilsette ved mottaket, og mellom åtte og ti kommunalt tilsette.

– Først og fremst er det berre ein trist beskjed å få. Vi fekk den i går. Det rår ei trist stemning over oss i dag, seier mottaksleiar Anne Margrete Hatlelid.

Etablert i 2013

Anne Margrete Hatlelid

MOTTAKSLEIAR: Anne Margrete Hatlelid seier bebuarane i mottaket er mest lei seg for at tilsette misser jobben. – Eg set pris på måten dei tenkjer på, seier ho.

Foto: Privat

Mottakssenteret vart oppretta i 2013, og har på det meste hatt 210 bebuarar som bur spreidd i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Hatlelid seier at dei i dag har halde møte med bebuarar, og vil halde fram med det.

– Jobben vår blir å vareta dei på best mogleg måte. Nokre skal busetjast, nokre ventar framleis på svar i si sak og må vidare til nye mottak, seier mottaksleiaren.

– Korleis reagerte bebuarane på beskjeden?

– Det dei seier i dag er at «vi berre skal flytte til ein ny plass, så det går bra med oss». Dei har medkjensla med oss som misser jobben.

Overkapasitet

Plassane som no blir lagde ned, kjem på toppen av dei 7.000 som vart varsla tidlegare i haust. Årsaka til avviklinga overraskande få asylsøkjarar.

– Det kjem svært få asylsøkjarar til landet, så vi har ein overkapasitet i mottaksapparatet, seier assisterande regiondirektør i UDI Region Vest, Sissel Mehammer.

Fungerande rådmann i Årdal, Svein Grindhaug, seier det er fleire som tek meldinga tungt.

– Vi føler at vi har etablert eit system som har vore velfungerande. Då er det veldig trist å avvikle. Men vi er klare over at avtalen kan seiast opp på tre månader, seier han.

Får truleg følgje

I samband med etableringa for tre år sidan styrka kommunen både vaksenopplæringa og helsetenestene for å møte dei lovpålagde tenestene. Det er dei same områda som no blir råka når mottaket blir lagt ned.

Grindhaug seier kommunen vil strekkje seg langt for å unngå oppseiingar.

– Vi legg eit løp no der vi skal vareta desse så godt vi kan, og sjå på alternativ jobbsituasjon for dei. Eventuelt kan vi gi dei tilbod i andre vakante stillingar i Årdal kommune. Men truleg får dette følgje for nokre tilsette, seier han.