Her vart det bom stogg for bussen

– Eg kom køyrande i dag tidleg, og skulle til Vikadalen, og i dei øvste Fardal-svingane der stod ein buss om verkeleg hadde køyrt seg fast i ein sving og som sperra for all trafikk, fortel Sveinung Haug.

Vegen mellom Turtagrø og Øvre Årdal er berekna for køyretøy på inn til 10 meter, turistbussen som står fast er kring 14 meter seier Haug.

– Bussen er full av passasjerar, og det har nok ikkje vore kjekt for dei å stå der i fleire timar og vente på bergingsbil, seier Haug.

– Dette ein ganske smal og svingete veg, og då vert det utfordringar med ein så lang buss?

– Det er berre fornamnet. Eg snakka litt med sjåføren og forstod det slik at ingen av dei som var om bord skal vere skadde.

Bergingsbilar er no på veg til begge sider av der bussen står fast. Haug reknar med at vegen kjem til å verte steng ei stund.

– Dei må nok prøve å dra bussen opp igjen mot Turtagrø, dersom dei skal prøve å få den ned til Årdal så har dei litt av ein jobb framfor seg, seier Haug.