Her vil borna planlegge sin eigen by

– Her er det ein rar fyr som seier han vil byggje noko av tyggegummi, seier Tor Alnes Litsheim (10).

Fredag var utstillinga «Barn ingen adgang» på besøk i Førdehuset i Førde. Den kulturelle skulesekken ville med dette gje born innsyn i kva som skjer med planutvikling og byplanlegging, eit tema som er tungt til og med for dei som driv med det til dagleg.

Barn lærer om byplanlegging på Den kulturelle skulesekken

TEIKNING: Tor Alnes Litsheim og dei andre femteklassingane frå Slåtten skule teikna det dei meinte var ein god by. Foto og redigering: Anders Tesdal Galtung

Fantasiministrar i Kjartanistan

– I dag har eg invitert borna til å vere fantasiministrar i Kjartanistan, seier Bjørn Are Vollstad, arkitekt og kunstlærar ved kulturskulen i Førde.

Bjørn Are Vollstad

DIPLOMAT: Bjørn Are Vollstad syner til kulturskulehuset i Førde som eit godt døme på at born må vere ein del av byplanlegginga.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kjartanistan er fantasilandet til kunstnaren Kjartan Slettemark, og Vollstad nyttar det som ein sandkasse der borna kan leike seg med alle dei ideane dei ynskjer.

– Eg har sagt at me skal byggje eit tyggegummislott med Youtube-akvarium i Førde sentrum, seier Vollstad med eit smil.

Dette vil barna ha

Borna blir involvert i tyggegummislottet og følgjer prosessen heilt frå ide til godkjenning i planutvalet og bygging.

I tillegg fekk borna teikne på store, kvite ark det dei meinte var gode løysingar til ein fin by.

Desse teikningane vil Vollstad ta med til lokalpolitikarane, og håpar dei vil lytte til borna sine ynskjer når sentrumsplanar skal utformast.

Vollstad forklarer at han skriv ned gjengangarar i ynskja, som fargerike bygningar, fleire leikeapparat og betre skulevegar.

Fargar

FARGERIKT: Det som ofte går att i teikningane, er meir fargerike bygg, seier Vollstad.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Utfordrande lærdom

– Dette er tungt stoff, og er eigentleg ei vaksenutstilling. Det blir er eit prøveprosjekt, og me håpar det går bra, seier Vollstad.

Det er den kulturelle skulesekken som har invitert mellomtrinna i Førde kommune til utstillinga, som skal stå i ei veke til.

– Plan- og byggingslova seier av utsette grupper skal få spesielt tilrettelagde arenaer for å bli høyrt, og born er spesielt nemnd i denne lova, seier Vollstad.

Han meiner denne utstillinga kan hjelpe Førde kommune å oppfylle krava i lova, og håpar prosjektet kan utvidast til resten av fylket seinare.

Ikkje noko tull

LÆRERIKT: Borna får visualisert dei tunge, politiske prosessane for å forstå dei betre.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Har allereie idear

Etter å ha vore innom alle aktivitetane, veit Tor Alnes Litsheim kva han vil endre på.

– Eg tykkjer det er for mykje trafikk på skulevegen min, seier femteklassingen, som syklar til skulen kvar dag.

Han gler seg til det kjem nye sykkelvegar i byen, men forstår det er vanskeleg for dei som skal byggje den.

– Eg har i alle fall lært at det ikkje er særleg lett å byggje by, avsluttar tiåringen.

Barn ingen adgang

INGEN ADGANG: Mange born var i dag samla i Førdehuset for å planlegge framtida til byen sin.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK