Høyball datt av hengar og trefte bil

Det var like etter klokka 19.00 søndag kveld at Innfjordtunnelen på strekninga mellom Vestnes og Åndalsnes måtte stenge på grunn av eit trafikkuhell. Alle naudetatane rykte ut til tunnelen.

– Ein høyball datt av ein bilhengar og trefte bilen som kom bak. Ingen personar blei skadd i uhellet, men bilen fekk materielle skader, seier Rolf Anders Korstad, operasjonsleiar for politiet.

Tunnelen blei opna igjen etter kort tid.

Etterlyser bilførar

Politiet etterlyser no bilføraren som drog hengaren.

– Vi ber om at føraren som drog hengaren melder seg på 02800, seier Korstad.