Hundretusenar krev at presidenten går

Opposisjonen varsla i dag at det blir gjennomført ein 12-timars generalstreik fredag. Opposisjonen har fleirtal i det venezuelanske parlamentet, men president Nicolás Maduro, som høyrer til venstrepartiet til avdøde Hugo Chávez, har i stor grad styrt landet utan å gå via nasjonalforsamlinga.

Demonstrasjon i Caracas.

Demonstrant i Caracas med støtte til ei folkerøysting om presidenten si framtid.

Foto: CHRISTIAN VERON / Reuters

Opposisjonen fekk fleirtal i nasjonalforsamlinga ved valet i fjor, og det var først gong sidan Hugo Chávez kom til makta i 1998. Maduro tok over som president då den langt meir populære Chaves døydde i 2013.

Vil ha folkerøysting

Sist søndag vedtok nasjonalforsamlinga at det skal haldast ei folkerøysting for å fjerne presidenten, noko presidenten nektar å gå med på. Maduro har kalla nasjonalforsamlinga for udugeleg, og han skuldar parlamentarikarane for å prøve å skade Venezuela.

Han skuldar dei også for kuppforsøk .

Nicolas Maduro

Nicolás Maduro nektar å gi etter for presset frå opposisjonen.

Foto: RONALDO SCHEMIDT / Afp

Det er enorme økonomiske problem i Venezuela. Arbeidsløysa er høg, og det er ein stadig aukande mangel på mat og medisinar i landet. Politiske observatørar seier at faren er stor for at demonstrasjonane mot presidenten og regjeringa hans kan utvikle seg til valdeleg uro.

Presidenten i nasjonalforsamlinga, Henry Ramos Allup, sa i ein tale til demonstrantane i Caracas i dag at parlamentet kjem til å vedta at Maduro skal trekkje seg.

Mange meiner at Venezia no har passert grensa til diktatur .

Demonstrasjon mot presidenten i Venezuela.

Presidenten i nasjonalforsamlinga, Henry Ramos Allup, talar til demonstrantane i Caracas.

Foto: RONALDO SCHEMIDT / Afp

Demonstrasjonar mot presidenten i Venezuela.

Maduro er ein diktator, står det på plakaten til denne demonstranten i Caracas.

Foto: FEDERICO PARRA / Afp

Krev Maduros avgang

– Vi skal gjere det klart for Nicolás Maduro at det venezuelanske folket har erklært at han skal gå av, sa Allup til øyredøyvande jubel frå tilhengjarane.

Jesus Torrealba, generalsekretær i opposisjonsalliansen MUD, haust også stor jubel då han oppmoda alle arbeidstakarar til å halde seg heime førstkomande fredag.

– Folk i Venezuela er leie av mangelen på mat, medisinar og andre viktige varer, sa han blant anna i talen sin.

Venezuela har truleg dei største oljereservane i verda, men økonomien i landet har vorte katastrofal dårleg, spesielt på grunn av dei låge oljeprisane.

Demonstrasjon mot presidenten i Venezuela.

Enorme folkemengder deltek i demonstrasjonen i Caracas onsdag kveld norsk tid.

Foto: CHRISTIAN VERON / Reuters

Demonstrasjon mot presidenten i Venezuela.

Kravet om presidenten sin avgang aukar i styrke i Venezuela.

Foto: FEDERICO PARRA / Afp

Bad paven om hjelp

Maduro tok nyleg direkte kontakt med pave Frans for å få hans hjelp til å få i gang samtalar med opposisjonen, men dei meiner at tida for samtalar er over. Dei skuldar presidenten for å bruke paven i eit forsøk på å halde på makta.

Paven si utsending i Caracas, Emil Paul Tscherrig, opplyste tidlegare denne veka at det blir samtalar mellom regjeringa og opposisjonen på øya Margarita 30. oktober. I dag avviser representantar for opposisjonen at det er gjort ein avtale om samtalar.