I dag bør du sikre trampolinen din

Då Åge Karlsen frå Hareid skulle hente sonen på speideren i går kveld, møtte han ein trampoline midt i vegen. Det var sterk vind med kraftige vindkast.

– Eg måtte køyre i grøfta og rundt trampolinen, fortel Åge Karlsen. Han er røykdykker i brannvesenet og har lang erfaring med å rykke ut når det ligg tre og andre ting i vegbanen. No oppmodar han folk om å feste trampolinene, før dei endar slik som gårsdagens trampoline gjorde.

Liten storm

Det er nemleg meir ruskever i vente. Meteorolog Trond Torsteinson kallar onsdagens ver haustleg. Dagen byrjar med ein sørvestleg stiv kuling på kysten. Nord i fylket aukar vinden på i ettermiddag.

– Det kan bli sterk kuling og kanskje ein liten storm i nord, seier Torsteinson. Sør i fylket er det venta at vinden held seg på stiv kuling. Det er også sendt ut varsel om flaum og jordskredfare på grunn av mykje nedbør.

Sikre lause gjenstandar

Også Olav Helt Brubakk, som er brannsjef i Hareid brannvesen, ber folk om å passe på i ruskevêret.

– Det er viktig å sikre lause gjenstandar. Sjå til at trampolinar og anna er fastbitta, seier Brubakk.

Brubakk seier det er sjeldan at dei må rykke ut på slike oppdrag. Som regel hamnar trampolinen hos naboen.