I samtaler med Mönchengladbach

Det er Borussias sportsdirektør Max Eberl som stadfester overfor dansk TV3 at det er dialog mellom Borussia og Real Madrid om den norske 17-åringen.

Det betyr at Ødeggard kan bli Bundesliga-spelar frå nyttår. Opplysningane seier ingenting om det i så fall blir på lån eller ein permanent overgang.

– Vi ville ha Martin allereie før han gjekk til Real. Men då storklubbane fatta interesse, gjekk prisen så sterkt opp at vi ikkje kunne vere med, seier Eberl.

Ødegaard gjekk frå Strømsgodset til Real i januar 2015 for nærmare 35 millionar kroner.

– Vi greidde ikkje å overtyde hans far om at han skulle kome til oss – ein klubb der han kunne fått meir speletid på øvste nivå, seier Eberl.

Ødegaard blei Real Madrids yngste debutant i sesongavslutninga i 2015. Han fekk dei siste 32 minutta av kampen mot Getafe då han var 16 år og 157 dagar gammal.

Elles har han spela på Reals reservelag Castillo på nivå 3 i det spanske ligasystemet.