Ingen vil beklage det som skjedde

Nestleiaren i helsestyret, Petter Bjørdal, tok ikkje den milde tonen då NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad ville ha ei grunngjeving for lukkinga av styreevalueringa onsdag.

– Eg forstår ikke kvifor vi skal kaste vekk tid på han der, sa nestleiar Petter Bjørdal medan Sunnmørsposten filma han.

NRK Møre og Romsdal har torsdag stilt desse spørsmåla til alle styremedlemmene:

  • – Kvifor var møtet lukka?
  • – Kva gjer dette med tilliten til helseforetaket ute i folket?
  • – Beklagar du det som skjedde?

Styreleiar Stein Kinserdal meiner det ikkje nokon annan stad i landet ville blitt problematisert at styret si evaluering foregår i eit lukka møte.

Helse Møre og Romsdal

Styret forlot møtesalen. Dei ville ha evalueringa si i fred på eit anna rom.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Styret skulle evaluere og sjå tilbake på sin eigen innsats i 2015. Dei avbraut styremøtet for å gå til eit såkalt styreseminar. Dei meinte at det då ikkje lenger var eit styremøte, og at dei dermed kunne lukke møtet.

– Eg forheld meg til vår eigar, departementet. Dei slår fast at vi følgjer lovleg praksis, sier Kinserdal til NRK torsdag. Han meiner at ståket rundt møtet ikkje er bra for omdømmet, man at dette er skapt av media.

– I evalueringa er det heilt nødvendig for ein open og god dialog at vi snakkar saman – utan media til stades, seier han.

Gjekk ut av rommet

Styret gjekk til eit anna rom då journalistane frå NRK, Sunnmørsposten og Tidens Krav nekta å forlate styrerommet. NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad etterlyste ein lovheimel for å lukke møtet. Journalistane stilte krav om at styret gjorde eit formelt lukkevedtak. Men medlemmene forlot styrerommet.

Nestleiar Petter Bjørdal svarer slik til NRK dagen etter det lukka møtet:

Styret i Helse Møre og Romsdal

Styret marsjerte ut av møtesalen og over til direktøren sitt kontor.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

– Det er leiar eller administrerande direktør som svarer ut frå kva som er styrekollegiet sitt standpunkt i ulike saker. Sånn er det også her.

Styremedlem Svein Anders Grimstad seier at dei berre følgjer det departementet har slått fast.

– Det seier seg sjølv at ei slik eigenevaluering må takast i eit lukka møte.

NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad står fast på at møtet burde vere ope. Heggstad har openheit og offentlegheit som nokre av sine spesialitetar:

Han viser til ei vegleiing departementet kom med i 2004:

“Styret, som organ, behandler saker i styremøter. Utgangspunktet må derfor være at alt arbeid som innebærer styrearbeid, legges til styremøter. Dersom det i praksis oppstår tvil, må saken legges til et styremøte.”

NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad

NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad er spesialist på openheit og offentlegheit.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Ingen ting å beklage

Styremedlem Kirsti Slotsvik seier at avgjerda om lukka møte var basert på eit brev frå helsedepartementet.

Kirsti Slotsvik, Kystdirektør

Kirsti Slotsvik meiner saka blir gjort større enn ho er.

Foto: Kristian Dugstad / NRK

– Det er nokre som lagar ei større sak ut av dette enn nødvendig. Eg har ingen ting å beklage så lenge vi har eit så tydleg brev frå departementet, seier Slotsvik.

I brevet står dette:

«Egenevaluering kan normalt drøftes i styreseminarer som ikke er omfattet av helseforetakslovens bestemmelser om styremøter. Helseforetaksloven § 26 a om møteoffentlighet gjelder da ikke.

I den grad styret på bakgrunn av evalueringsprosessen faktisk ønsker å fatte vedtak, må det imidlertid behandles i styremøte på ordinær måte. Vi antar at dette sjelden vil være tilfellet. Et eksempel kan være behovet for å drøfte hvordan resultatet av egenevalueringen bør omtales i årlig melding.»

– Eit partsinnspel

Journalist Øyvind Johan Heggstad reagerer på at styremedlemmene viser til eit rundskriv frå departementet. – Dette rundskrivet må bli sett på som eit partsinnspel og ikkje som ei avklaring på korleis lovverket skal tolkast. Helse Møre og Romsdal har etter det eg kjenner til ikkje forsøkt å få ei avklaring på dette spørsmålet i justisdepartementet eller hos sivilombudsmannen.

Helse Møre og Romsdal: – 2016 blir et svært krevende år

Vil rydde opp

Styreleiar Stein Kinserdal meiner at ein må sjå replikken frå nestleiar Bjørdal i ein samanheng.

– Journalisten ga seg ikkje. Det var då replikken fall. Generelt ønskjer eg at vi får rydda opp og at vi finn betre samarbeidsformer med journalistane.

– Eg meiner situasjonen er skapt av pressa. Vi har faktisk ein legitim rett til å kunne ha seminar utan at pressa skal nekte å gå.

I februar 2015 nekta NRK og Sunnmørsposten å forlate et møte der styret skulle evaluere seg sjølv. Då valde Helse Møre og Romsdal å avlyse heile møtet.