Kan bryte seg inn i lokale radiosendingar

Ein lastebil har krasja inn i eit røyr som er fullt av ammoniakk. Røyret har slått sprekkar, og giftig gass sig no inn mot Porsgrunn sentrum i Telemark.

Dette scenarioet var utgangspunktet for ei gigantisk beredskapsøving på Herøya i Porsgrunn i går. Ein stor del av øvinga var å teste at varslingssystemet fungerer som det skal.

– Signalet viktig melding – lytt på radio vart så spelt over anlegget til sivilforsvaret. Denne gongen dreiar det seg berre om ei øving, sa nyheitsopplesar i NRK, Sondre Tallaksrud, da alle i Grenland kunne høyre alarmen ule fleire stader i området Tysdag formiddag.

Sivilforsvaret seier til NRK at øvinga på Herøya var vellukka, og at varslinga gjennom radioen fungerte godt.

Les også:

  • Kommunar øver ikkje på krise …
  • Tommy skal overtyde DAB-t …
  • Beredskap Herøya

Kan måtte ty til lokalradio

2017 er året der NRK og dei andre store radiokanalane skiftar ut det analoge FM-nettet med den digitale løysinga DAB. Beredskapssjef i Telemark, Jan Ruud, håpar ting er på plass når FM-kontakten vert kutta.

– Det er jo ein teknisk bit som må på plass. På DAB er det jo veldig mange fleire forskjellige radiokanalar, og me må finne ut korleis me skal bryte inn i alle dei forskjellige kanalane for å gje viktige beskjedar, seier Ruud.

I overgangsperioden frå FM til DAB trur også Ruud at lokalradioane kan bli viktige. Beredskapssjef hos fylkesma …

– Lokalradioane kjem jo til å framleis bruke FM-nettet ein periode framover, og NRK har ei avtale som seier at dei kan bryte inn i lokale radiosendingar skulle det verte nødvendig. Så på den måten vil me kunne komme oss inn på FM-nettet, seier Ruud.

Direktoratet for samfunnstryggleik melder på sine nettsider at dei no byggjer ut varslingssystemet med eit nytt naudnett. I tillegg jobbar dei med å få på plass eit mobilbasert varslingssystem som skal sende varselmeldingar rett ut til mobiltelefonen din.

Sju av ti har DAB

Avdelingsdirektør for medieutspilling og beredskap i NRK, Øyvind Vassåsen, trur ikkje at overgangen til DAB vil svekkje beredskapen. Han peiker på at sju av ti radiolyttarar i Noreg i dag, allereie har tilgang til DAB-sendar.

– Det vil kanskje vere ein kort periode der nokre få radiolyttarar ikkje har tilgang til DAB, men det vil nok jamne seg ut etter kort tid, seier Vassåsen.