Karoline kan bli vår nye stjerne

– Karoline er ein av dei unge skiskyttarane våre med aller størst potensial. Kanskje saman med Emilie Kalkenberg, seier utviklingssjef Per Arne Botnan.

Han har akkurat sett Karoline Erdal fosse inn til gull i sommar-NM på sprinten i klassen 20-21 år i Vik skisenter. Akkurat slik ho gjorde under ungdoms-VM sist vinter.

– Klarer ho å gjere ting rett framover, halde litt igjen og halde fram med progresjonen, kan ho bli vår nye, store skiskyttarstjerne, seier Botnan.

Har trent godt på skyting

Karoline Erdal leverte eit svært solid løp, då ho gjekk inn til sigeren i sommar-NM. Ho prikka inn fullt hus på liggjande skyting, og etter å ha bomma på dei to første på ståande, avslutta ho med å skyte dei tre siste blinkane rett ned.

Det heldt til siger med 35 sekund ned til Kristina Skjevdal frå Røros – som til samanlikning skaut feilfritt.

Det lovar godt for 19-åringen, som tidlegare har hatt størst utfordringar nettopp på standplass.

– Eg har slite litt med å skyte med høg puls. Men no har eg trent målretta og offensivt på skyting, og eg føler at eg har komme langt, seier Erdal.

Emilie Kalkenberg og Karoline Erdal

VM-GULL: Karoline Erdal på toppen av sigerspallen under VM sist vinter. Til venstre Emilie Kalkenberg.

Foto: Norges Skiskytterforbund.

Fekk god peikepinn på standplass

Det bør vere eit skremmeskot for konkurrentane. For Erdal er vanskeleg nok å hamle opp med frå før. Og verre kan det altså bli.

– Målet er å bli ein god eliteutøvar og hevde meg internasjonalt. Eg tenkjer ikkje på det til dagleg, men byggjer stein på stein, seier den talentfulle Førde-løparen.

Allereie i vinter ventar junior-VM, og Erdal har ambisjonar om å vere med der. I konkurranse med eldre utøvarar vil ho vere godt nøgd med topp ti-plasseringar.

Ho veit at vegen fram til verdseliten er lang.Det handlar om å gjere rette val.

– Men eg fekk ein god peikepinn på at eg er på rett veg i dag, seier ho.