Kasta kokande vatn på kvinne etter kjøkenkrangel

Gulating lagmannsrett meiner at kvinna med vitande og vilje kasta ein vasskokar med kokande vatn på ei anna kvinne. Dei har då overprøvd Sogn tingrett, som meinte at vasskastinga kunne ha skjedd som sjølvforsvar.

– Lagmannsretten finn ikkje at ligg føre nokon naudvergesituasjon eller at tiltalte blei provosert på ein måte som får strafferettslege følgjer, skriv lagmannsretten i dommen mot kvinna, som er i slutten av 20-åra.

I dommen blir det peika på at kvinna som blei treft av det kokande vatnet fekk alvorlege brannskader.

– Ho blei diagnostisert med andregrads forbrenning og blei lagt inn på sjukehus i tre dagar. I dag er skaden lega, men ho opplever framleis smerte i det skada området, står det å lese i dommen frå lagmannsretten.

Kvinna blei dømd til fengsel i åtte månader, tre av dei månadane må ho sone. I tillegg må ho betale ei erstatning på 40.000 kroner.