KBK-kaptein: – Noko av det dårlegaste vi har gjort

Etter tre strake sigarar gjekk Kristiansund BK på eit 0–2 tap då dei møtte Mjøndalen i dag. Like før pause sette Michael Stilson ballen i mål for Mjøndalen og KBK låg dermed under då dei to laga gjekk til pause i Kristiansund.

Vegard Hansen og Christian Michelsen

Mjøndalen-trenar Vegard Hansen og KBK-trenar Christian Michelsen.

Foto: Roar Halten / NRK

Kampen var prega av mange gule kort og totalt seks spelarar, tre frå kvart lag, fekk gule kort. Då Mjøndalen-spelar Mathias Fredriksen fekk sitt andre gule kort 56 minutt ut i kampen, måtte Mjøndalen spele resten av kampen med 10 spelarar.

Men det stoppa likevel ikkje laget frå å auke leiinga. 61 minutt ut i andre omgang scora Jonathan Lindseth for Mjøndalen og KBK låg dermed under med to mål, noko som også blei sluttresultatet.

KBK-trenar Christian Michelsen meiner det er viktig å ikkje krisemaksimere og seier dette er ein kamp dei må prøve å legge bak seg.

– Vi kom liksom aldri heilt i gang. Vi skapar nokre sjansar når dei blir ti mann, men heller ikkje då fekk vi ballen i mål. Vi får håpe at vi gjorde oss ferdig med motgangen og dei dårlege prestasjonane i dag slik at vi kan vise oss frå ei heilt anna og betre side neste gong, seier han etter kampen.

– Noko av det dårlegaste vi har gjort

Førre gong dei to laga møttest vann Mjøndalen 3–1 over KBK. Heller ikkje i dag greidde serieleiar KBK og måle krefter mot laget frå Buskerud.

Dan Peter Ulvestad

KBK-kaptein Dan Peter Ulvestad var ikkje fornøgd med kampen mot Mjøndalen.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi veit at Mjøndalen er eit lag vi tradisjonell slit mot. Når vi er klar over det på førehand er vi nøydd til å matche dei på trykk, entusiasme og i duellar. Det gjer vi lite av i dag, i alle fall i første omgang, seier KBK-kaptein Dan Peter Ulvestad.

Han meiner laget no har mykje å jobbe med, både bak og fram.

– Dette er noko av det svakaste vi har gjort og skal ikkje vere malen for dei komande kampane, seier Ulvestad.

Han meiner likevel at KBK er klar over kva dei må jobbe med inn mot dei siste fire kampane av sesongen.

– Entusiasmen må opp, vi kan ikkje starte som i dag. Det første som må på plass er grunnmuren, vi må springe, vere med i duellar og vere samla. Når vi jobbar ut ifrå det kjem resten av seg sjølv, og det er det vi ikkje får til i dag.