KBK tapte mot Mjøndalen

Saka blir oppdatert.

Etter tre strake sigarar gjekk Kristiansund BK på eit 0–2 tap då dei møtte Mjøndalen i dag. Like før pause sette Michael Stilson ballen i mål for Mjøndalen og KBK låg dermed under då dei to laga gjekk til pause i Kristiansund.

Kampen var prega av mange gule kort og totalt seks spelarar, tre frå kvart lag, fekk gule kort. Då Mjøndalen-spelar Mathias Fredriksen fekk sitt andre gule kort 56 minutt ut i kampen, måtte Mjøndalen spele resten av kampen med 10 spelarar. Men det stoppa likevel ikkje laget frå å auke leiinga. 61 minutt ut i andre omgang scora Jonathan Lindseth for Mjøndalen og KBK låg dermed under med to mål, noko som også blei sluttresultatet.

KBK-trenar Christian Michelsen meiner det er viktig å ikkje krisemaksimere og seier dette er ein kamp dei må prøve å legge bak seg.

– Vi kom liksom aldri heilt i gang. Vi skapar nokre sjansar når dei blir ti mann, men heller ikkje då fekk vi ballen i mål. Vi får håpe at vi gjorde oss ferdig med motgangen og dei dårlege prestasjonane i dag slik at vi kan vise oss frå ei heilt anna og betre side neste gong, seier han etter kampen.