Kjøper høgare hæler  under eggløysing

I studien, som er publisert i Journal of Consumer Research, vart 60 kvinnelege studentar stilt overfor hundrevis av ulike varer i ein netthandel.

Kvinnene som hadde eggløysing, kjøpte sko med høgare helar, kortare skjørt, klede som viser meir hud, og fleire smykkar enn dei kvinnene som ikkje hadde eggløysing. Faktisk gjekk kjøpet av utfordrande klede opp med 50 prosent dersom kvinna var i den fruktbare perioden i månaden.

Ulike preferansar gjennom syklusen

Det er tidlegare vist at det er forskjell på kjøpevanane til kvinner og menn. Kvinner er meir opptatt av mote og pynt, medan menns shoppingvanar baserer seg meir på faktisk og praktisk behov.

I tillegg er det kjent at kvinner oppfører seg ulikt avhengig av kor dei er i menstruasjonssyklusen sin. Blant anna er det vist at kvinner kler seg meir utfordrande når dei har eggløysing, altså den perioden av menstruasjonssyklusen der dei kan få barn.

Basert på dette sette forskarane bak studien opp følgjande hypotese:

«Nært opp til eggløysing vil kvinner føretrekkje sexy, utfordrande klede og smykkar, kontra mindre utfordrande klede».

Fruktbare kvinner vil ha «badboys»

Gine Roll Skjærvø

Gine Roll Skjervø, evolusjonsbiolog ved NTNU, seier studien støtter opp under resultat av tidlegare forsking på feltet.

Foto: Privat

– Dette understøtter det som mange andre evolusjonsbiologiske studiar viser, nemleg det at kvinner oppfører seg annleis når dei har eggløysing i forhold til resten av menstruasjonsperioden, seier evolusjonsbiolog og forskar ved NTNU Gine Roll Skjærvø.

Ho presiserer at ein i slike studiar ser på tendensar på gruppenivå, og at det sjølvsagt kan vere store skilnader mellom enkeltpersonar.

Når ei kvinne har eggløysing er ho ute etter sterke genar for barnet sitt, og søker då maskuline menn, då maskulinitet er teikn på sterke genar.

– Når kvinna ikkje har eggløysing er ho ute etter ein god forsørgar, ein som stiller opp og deler av sine ressursar. Dette er kvalitetar ho finn hjå andre menn, forklarar Skjærvø.

Ho fortel at tidlegare studiar har vist at kvinner i eggløysing har større tendens til å vera utru, at dei finn kvalitetar som arroganse og sosial dominans attraktivt, og at dei kler seg meir utfordrande.

Jentefest på nattklubb, champagne

Studien viser at kvinner pyntar seg like mykje for å skremme vekk andre kvinner, som for å trekke til seg.

Foto: Colourbox

Kven påverkar kleskjøpet – menn eller andre kvinner?

Forskarane bak studien ønska også å sjekke om det var å pynte seg for mannen som var drivkrafta for kjøpelysten, eller såkalla female competition, altså konkurransen med andre kvinner som var årsaka.

Difor vart testpersonane eksponert for bilete av veldig attraktive kvinner i løpet av eggløysinga. Det resulterte i at dei kjøpte enda fleire utfordrande klede.

– Det kan tyde på at det er for å skremme bort konkurrentar ein vel utfordrande klede, og ikkje nødvendigvis for å trekke til seg menn, forklarer Skjærvø.