Konvertitten Jemal får bli i Norge

– Eg vart heilt sjokkert. Eg tenkte endeleg, seier Jemal.

– Så no er du norsk?

– Ja, du kan seia det slik.

Han smiler breitt i dag. I går kom dommen frå Borgarting lagmannsrett, og den slår fast at den iranske konvertitten har rett til opphald i Norge.

Det svaret har han håpa på i fleire år.

Fire års kamp for å få bli

Jemal kom til Norge som asylsøkar frå Iran i 2010, då søkte han om opphald på bakgrunn av politiske årsaker, og fekk avslag.

I 2011 konverterte han til kristendomen, og han anka då avslaget til Utlendingsnemnda (UNE) fordi han frykta religiøs forfølgelse om han blei sendt tilbake til Iran. Men nok ein gong fekk han avslag.

Etter det har saka gått fleire rundar i UNE, og den har også vore oppe i tingretten, der Jemal tapte.

Men etter fire års kamp slo Borgarting lagmannsrett i går fast at avslaga var ugyldige.

I følgje dommen må Staten, her representert av Utlendingsnemnda, betala sakskostnadar på om lag 250.000 kroner.

Dommen var samrøystes.

– Det var ein stor og gledeleg nyheit for meg, seier Jemal.

Feira dommen i Stavanger

Jemal og Terje Høyland

Jemal fekk ei lusekofte av Terje Høyland i IMI-kyrkja i dag.

Foto: Anders Fehn / NRK

Gleda er også stor i IMI-kyrkja i Stavanger. Her har Jemal mange støttespelarar som har følgt han på vegen mot gårsdagens dom. I dag var det fest i kyrkja for å feira at han vann fram i retten.

– Me har nesten ikkje våga å tru på det, sjølv om me har hatt veldig tru på saka. Då me fekk svaret i går var det ei enorm glede her, seier pastor i IMI-kyrkja, Egil Elling Ellingsen.

– Desse folka her er min familie i Norge. Så eg er veldig heldig som får feira saman med dei, seier Jemal.

Frykta forfølging

Jemal har tidlegare sagt at han frykta at han kom til å bli forfølgt og fengsla dersom han blei sendt tilbake til Iran, difor levde han også ei tid i skjul i Norge.

I dommen som kom frå lagmannsretten i går blir det slått fast at det er ein reell fare for at Jemal kunne ha blitt fengsla i Iran, på grunn av sin religiøse aktivitet.

Frykta for kva som kunne ha skjedd dersom han hadde blitt sendt ut, har vore tung å bera for vennane i IMI-kyrkja.

– Det som har vore smerta for oss undervegs er vissa om at dersom det ikkje går, så må han reisa vidare til eit nytt land og starte på nytt, og det har vore heilt forferdeleg, seier Ellingsen.

Det er førebels ikkje kjent om saka vil bli anka vidare til høgsterett.