Kvar er dette?

Send inn svaret, og du kan vinne premie frå NRK. Hugs å skrive postadressa di. Frist for innsending av svar er onsdag 28. september klokka 12.00.

Send oss ein epost med svaret ditt til vevvandring@nrk.no

Oppgåver vi har hatt før:

Kvar er dette?

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Relativt få svar kan tyde på at oppgåva var vanskeleg, trass i at det knapt er eit menneske i Sogn og Fjordane som ikkje har vore i dette området. Vi ser Movatnet, Kusslida, Farsund og Sunde i Førde. Biletet er teke frå fjellet Halvgjerda – eit «hjørnefjell» mellom Jølster og Holsen. Vinnar vart Bjørn Løkeland frå Kyrkjebø.

Holme i Hyen

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dette er Holme i Hyen, Gloppen kommune. Mellom dei mange som visste det trekte vi ut Rønnaug Ryssdal, som bur i Vadsø.

Leirvik i Hyllestad kommune

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kjende du att denne staden? Denne veka skulle vi til Leirvik i Hyllestad kommune. Vekas vinnar er Kjell Aril Brendstuen frå Gaupne.

Øvre Årdal

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mektig utsyn mot Øvre Årdal og med Jotunheimen som bakteppe. Biletet er teke frå Bøttejuv, ca. 1250 meter over Årdalsvatnet. Mellom dei mange som hadde rett svar trekte vi ut Kjell Magne Mettenes frå Ålfoten som vinnar.

Grovabreen og Kjøsnes frå Haugen i Jølster

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Her ser vi Kjøsnes i Jølster og Grovabreen frå Haugen ved E39. Vi har trekt ut Monica Tjønås frå Lavik som vekas vinnar.

Ortneset ved Brekke i Gulen

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dette er Ortneset ved Brekke i Gulen kommune, ein gong i tida var det rettarstad der. Vinnar vart Eivind Hjellum frå Florø.

Naustdal skule og idrettshall

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Denne veka hadde vi teke turen til Naustdal. På bilete ser vi barne- og ungdomsskulen. Mellom mange rette svar har vi trekt ut Anne Lise Grytten i Ålesund som vinnar.

Fagerset over Strendene i Lærdal kommune

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Her var vi på jakt etter namnet på stølen i framgrunnen. Den heiter Fagerset og ligg over Fodnes – med utsikt mot Mannheller. Vi har trekt ut Monica Heggestad i Solvorn som vinnar. Premie kjem i posten.

Hoddeviksanden i Selje

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dette var tydelegvis veldig lett, for vi fekk mange rette svar. Vi hadde reist til Hoddeviksanden i Selje, noko mellom anna Steinar Schmidt frå Gaupne visste. Han er vekas vinnar og får premie i posten.

Kvar er dette?

Foto: Ottar Starheim

Denne veka var vi på Njøs i Leikanger kommune. Den heldige vinnaren er Kirsten Adny Nessestrand i Balestrand. Gratulerer!

Holmedal

Foto: Ottar Starheim / NRK

Her ser vi Holmedal i Askvoll kommune. Vinnar denne gongen vart Arne Helge Seljen frå Selje.

Frøya kyrkje og bru frå Flona (ved Kalvåg)

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dette biletet er teke frå Flona, sør for Kalvåg i Bremanger. Vi ser Frøya kyrkje og Oldersund bru (bygd i 1976 og altså 40 år i år). Det visste mellom andre Harald Førde frå Florø, og han får premie i posten.

Nordeide

Foto: Kjell Arvid Stølen

Her er vi på Nordeide i Høyanger kommune. Båten som går til Ortnevik har lagt frå kai. Hit gjekk eitt av dei viktigaste ferjesambanda i fylket før Høyangertunnelen vart opna, frå Kongsnes i Lånefjorden. Vinnar denne gongen vart Gerd Midtun frå Leikanger.

Kaupanger ferjekai

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mange i Sogn og Fjordane har minne frå ventetid på ferjekaien i Kaupanger. I dag er det for det meste utanlandske turistar som får denne opplevinga. Men Kaupanger var iallfall rett svar, og Cato Myrkaskog frå Oslo vart vinnar.

Eidevika i Bygstad

Foto: Ottar Starheim / NRK

Her er vi i Bygstad, nærare bestemt Eidevika. Biletet er teke for nokre år sidan, før flytebrygga som det har vore konflikt rundt, vart lagd ut. Vekas vinnar er Grethe Rasdal frå Vadheim.

Refvik i Vågsøy

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dette er Refvika i Vågsøy, med Refvikvatnet i framgrunnen og Stadhavet i bakgrunnen. Dette visste mange, men ein del trudde det var Ervik på Stadlandet. Vinnar vart Norman Vik frå Dale i Sunnfjord.

Hardbakke i Solund

Foto: Tor Arne Hauge

Denne gongen var kommunesenteret i Solund, Hardbakke, rett svar. Inger Sognefest frå Eivindvik var mellom mange som kom fram til det, og ho får premie i posten.

MF Skagastøl i Flåm

Foto: Kjell Arvid Stølen

Her er ferja «Skagastøl» på veg til kai i Flåm. Vi skimtar m.a. Heimly pensjonat i høgre biletkant. Mellom dei som kom fram til rett svar trekte vi ut Bjørg Kvame frå Innvik som vinnar.

Hauglandsenteret og UWC i Flekke

Foto: Ottar Starheim

Dette er Hauglandssenteret/UWC ved Flekkefjorden i Fjaler. Vinnar denne gongen vart Are Håkon Aarseth frå Davik.

Navelsaker i Eid (ved Hornindalsvatnet)

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ei vanskeleg oppgåve for alle som ikkje er lokalkjende eller køyrer ein del på riksveg 15 mellom Stryn og Nordfjordeid. Bygda vi ser heiter Navelsaker og ligg på nordsida av Hornindalsvatnet, i Eid kommune. Vinnar vart Inga Elida Kjøde frå Selje.

Balestrand sentrum

Foto: Ottar Starheim / NRK

Her er vi i Balestrand. Ei av dei som visste det er Tove Molland frå Joranger i Luster. Ho får premie i posten.

Gaupne sett frå Molden

Foto: Obin Aabrekk

Dette biletet er teke frå fjellet Molden (1116 m.o.h.) i Luster kommune. Vi ser kommunesenteret Gaupne. Mellom dei mange som visste det trekte vi ut Narve Ringset frå Stavanger som vinnar.

Veiesundet mot Florø

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Her er vi i Veiesundet på vestsida av Stavøya i Flora kommune. Vi ser mot Florø, m.a. Krokane og badeanlegget Havhesten, og vi ser kranane til Westcon. Vekas heldige vinnar er Merete Myklebust frå Naustdal.

Kvar er dette?

Kvar er dette?

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Denne oppgåva var enkel, talet på rette svar var veldig stort. Vi ser Stryn frå Nedreberg. Vi trekte ut Bjørn Løkeland frå Kyrkjebø som vinnar.

Djuvik camping på Vangsnes

Djuvik camping på Vangsnes

Foto: Ottar Starheim / NRK

Her er vi på Vangsnes i Vik kommune – meir nøyaktig på Djuvik camping. På andre sida av fjorden ser vi Balestrand. Vinnar denne gongen vart Elsa Aslaug Ommedal frå Hornindal.

Paraglider på Hafstadfjellet i Førde

Kvar er dette?

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Biletet er teke frå Hafstadfjellet i Førde. Utsyn austover mot Holsen med Movatnet og Åsavatnet. Vinnar denne gong vart Marianne Sæthre Geitrheim frå Leikanger.

Anda ferjekai

Kvar er dette

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dette biletet er teke frå Haugsvarden (862 m.o.h.) i Gloppen. Vi ser Anda ferjekai til venstre og ferja på veg mot Lote. Vinnar vart Markus Frislid frå Heggjabygda i Eid.

Rysjedalsvika ferjekai

Kvar er dette

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dette er Rysjedalsvika ferjekai i Hyllestad kommune. Mange rette svar, og den heldige vinnaren er Susann Strømmen Espeset frå Askvoll.

Store Austanbotntind sett frå Øvre Halsen i Årdal

Kvar er dette?

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Denne gongen var oppgåva vanskeleg, vi fekk uvanleg få svar, og av dei var det mange som var feil. Hovudspørsmålet var kva den markerte fjelltoppen i det fjerne heiter. Svaret er Store Austabotntind. Men det var svært få som tippa rett på kvar biletet er teke frå. Det er frå stien mellom Naddvik og stølen Smørhola i Årdal, meir nøyaktig på Øvre Halsen. Det næraste fjellet er Kamben, og vi ser i venstre del av biletet øvste delen av Seimsdalen. Heilt til venstre skimtar vi vegen opp til Ofredalstunnelen.

Leiv Sagerøy frå Leikanger visste at vi ser Store Austabotntind, og han var av dei som kom nærast i spørsmålet om kvar biletet er teke frå. Difor er han vinnaren denne veka.

Jølster skisenter på Vassenden i Jølster

Kvar er dette veke 8

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Her er vi i Jølster skisenter. Vi ser litt av Vassenden og Jølstravatnet. Mellom dei mange som hadde rett svar trekte vi ut Roger Løvlid frå Sogndal som vinnar.

Brekkestranda fjordhotell

Kvar er dette

Foto: Ottar Starheim

Førre veke skulle vi til Brekkestranda hotell i Brekke i Gulen. Den heldige vinnaren er Ingebjørg Klakegg frå Førde. Premie kjem i posten.

Grodås

Kvar er dette?

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Denne veka skulle vi til Grodås i Hornindal. Biletet er teke for ti år sidan, så Coop-en på biletet er no historie. Vi har trekt ut ein vinnar og den heldige er Ane Torheim i Bergen.

Førdefjorden mot Heilevangstaurane

Kvar er dette?

Foto: Kjell Arvid Stølen

Her ser vi Førdefjorden ein vakker soldag, mot Heilevangstaurane. Vinnar vart Anny Eva Skogheim frå Florø. Vi gratulerer!

Fodnes ferjekai

Kvar er dette?

Foto: Kjell Arvid Stølen

Her er ferja i ferd med å legge til kai på Fodnes i Lærdal kommune. Mellom dei lettare oppgåvene, skriv Hallvard W. Larsen frå Sandsli i Bergen. Han får premien denne veka.

Ervik kapell

Kvar er dette?

Foto: Ottar Starheim / NRK

Biletet er av Ervik kapell i Ervika i Selje kommune – også kalla St. Svithun minnekapell. Vinnar av konkurransen var Anette Beinnes frå Olden. Gratulerer!

Supphamar i Leikanger

Kvar er dette?

Foto: Ottar Starheim / NRK

Biletet er teke langs fylkesveg 55 mellom Leikanger og Hella. Nøyaktig stadnamn skal vere Suppam eller Supphamar. Vinnar i konkurransen: Ingar Norberg frå Jostedal.

Oppdrettsanlegg ved Alden

Kvar er dette?

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Her ser vi den sørvestre delen av øya Alden i Askvoll kommune. Til høgre i biletet ser vi Aldevågen. Derifrå går det sti opp til toppen av øya. Ein flott tur med fenomenal panoramautsikt som løn for strevet. Vinnar denne gongen vart Jørund Årdal frå Rygg i Gloppen.

Vingen helleristingsfelt i Bremanger

Kvar er dette?

Foto: Gunnar Skjølberg

Her er vi på helleristingsfeltet i Vingen i Bremanger. Fjellet i bakgrunnen er Hornelen. Premien går til Alvdis Solvang frå Florø.

Høyanger - Sæbø med kyrkja

Kvar er dette?

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Her ser vi delar av Høyanger sentrum, nærare bestemt Sæbø med Høyanger kyrkje på andre sida av elva. Vinnar vart Helge Hennøen frå Deknepollen.

Lunden på Slinde

Kvar er dette?

Foto: Ottar Starheim

Her er vi ved Lunden feriesenter på Slinde i Sogndal kommune. Til høgre ser vi litt av Fimreite. Vinnar denne gongen vart Astrid Ulriksen Myklebust frå Kjelkenes.

Gjøsetstølen i Gaular - mot Hestane

Kvar er dette?

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Å, denne utsikta saknar eg. Utsikta over Gjøsetstølen til Lisje- og Storehesten, mitt barndomsrike sommar som vinter, skriv Asbjørn Olav Lien, som bur i Tønsberg. Og det var heilt rett, vi er i skieldoradoet med utgangspunkt på Langeland i Gaular. Premie kjem i posten.

Gravplassen ved Sør-Vågsøy kyrkje i Måløy

Kvar er dette?

Foto: Arild Nybø / NRK

Her er vi i Måløy, i sørenden av Gate 1, under Måløybrua. Vi ser litt av gravplassen ved Sør-Vågsøy kyrkje. Her var det mange som kjende seg att, mellom dei trekte vi ut Berit Karlsen frå Øvre Årdal som vinnar.

Solund barne- og ungdomsskule på Harrdbakke

Kvar er dette

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Staden denne gongen er Hardbakke, kommunesenteret i Solund. Vi ser ein del av Solund barne- og ungdomsskule. Mellom dei som hadde rett svar trekte vi ut Cathrine Steien Haugen frå Lavik som vinnar.

Vassbygdvatnet sett frå Låvisberget

Kvar er dette?

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Vi ser Vassbygdvatnet i Aurland kommune, fotografert frå Låvisberget. Vinnaren denne veka er Per Arne Wilson i Trondheim.

Dale sett frå Dalsfjordbrua

Kvar er dette

Foto: Kjell Arvid Stølen

Her ser vi Dale i Sunnfjord frå Dalsfjordbrua. Mellom dei som visste det trekte vi ut Jarle Bergset frå Vassenden.

Eidsgata på Nordfjordeid

Kvar er dette?

Foto: Ottar Starheim / NRK

Rett svar er Eidsgata på Nordfjordeid. Dette må ha vore ei lett oppgåva, for vi har fått veldig mange svar. Vekas heldige vinnar er Svanhild Handal i Førde.

Esefjorden frå sjøen

Kvar er dette

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Her ser vi Esefjorden i Balestrand kommune. Til venstre ser vi litt av Balholm, det særmerkte fjellet i midten er Vindreken, og til høgre ser vi Tjugum kyrkje. Mellom dei som visste kvar vi var denne veka trekte vi ut Anders Gjerde frå Lærdal som vinnar.

Fuglesteg med utsyn mot Skjolden

Kvar er dette

Dette biletet er teke frå fjellgarden Fuglesteg, der Luster Turlag har restaurert steinbygningen og brukar den som overnattingsstad. Vi ser mot Skjolden. Vinnar vart Rannveig Moldestad frå Sande i Sunnfjord.

Havreneset i Florø mot Kinn

Kvar er dette?

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Denne gongen er biletet teke frå Storåsen i Florø med busetnaden på Havreneset og mastene til Florø Radio nærast. Ute i havet ser vi øyane Reksta og Skorpa. Vinnar vart Eirik Standal frå Bergen.

Loen med Loenfjord Hotell

Kvar er dette?

Foto: Ottar Starheim / NRK

Her ser vi Loen med Loenfjord Hotell. Det såg også Liv-Gunnbjørg Søreide frå Søreide i Høyanger kommune. Ho er vinnaren denne veka, og ho får ein premie frå NRK i posten.

Arnafjorden i Vik

Kvar er dette?

Foto: Ottar Starheim / NRK

Her står fotografen på Eitreneset. Vi ser vegen som fører til Arnafjorden og Framfjorden i Vik kommune. Inst i fjorden, til høgre, ser vi Nese i Arnafjord. Vinnar denne gongen vart Oddmar Bøthun Loen frå Loen.

Førdefjorden mot Klopstad

Kvar er dette

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dette biletet er teke frå ein båt på veg innover Førdefjorden, i Førde kommune. Til venstre ser vi Ulltangneset, midt i biletet Kloppstad og til høgre for det eit dalsøkk der avfallsplassen i Hesjedalen ligg. Kanskje ei litt kinkig oppgåve, skal vi døme etter talet på rette svar. Men Eli Østerhus som bur i Stavanger visste kvar dette er, og ho får premien denne veka.

Firda vidaregåande og trivselshagen på Sandane

Kvar er dette?

Foto: Kjell Arvid Stølen