Kvinne vart sparka og drapstruga i valdtektsforsøk

Politiet fekk klokka 02:53 natt til torsdag melding om at kvinna hadde blitt forsøkt valdteken i krysset mellom Rosenbergsgaten og Sigurds gate på Nygårdshøyden i Bergen.

– Mannen prøvde å truga til seg seksuell omgang, ellers skulle han drepa henne, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Ho har forklart at då ho skreik til, overfalt mannen henne og både slo og sparka henne i hodet.

Kvinna klarte å komma seg inn i ei leilegheit i nærleiken. Ho er no til behandling på Bergen legevakt.

Mannen skal ifølge kvinna ha halvlangt mellomblodt hår, snakka bergensdialekt, ha nordisk utsjånad, og vera i underkant av 30 år. Han gjekk i dongeribukse, og hadde på seg ei kvit lue som han tok av seg då han sprang frå staden.

Politiet ventar på meir opplysningar frå henne, og etterlyser vitne.

– Vi ber folk som kan opplysningar ta kontakt på telefon 02800, seier Thue.