Kvinne vart sparka og drapstruga

Politiet fekk klokka 02:53 natt til torsdag melding om at kvinna hadde blitt forsøkt valdteken i krysset mellom Rosenbergsgaten og Sigurds gate på Nygårdshøyden i Bergen.

Drapstrussel

– Mannen prøvde å truga til seg seksuell omgang, elles skulle han drepa henne, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Ho har forklart at då ho skreik til, overfall mannen henne og både slo og sparka henne i hovudet.

Kvinna klarte å komma seg inn i ei leilegheit i nærleiken. Ho er no til behandling på Bergen legevakt.

Laster kart, vennligst vent…

For å se dette innholdet, må du aktivere JavaScript i nettleseren din.

NYTT OVERFALL: Det har vore fleire tilfelle av valdtekt eller valdtektsforsøk i området der ei kvinne i natt vart brutalt overfalt.

Etterlyser lyshåra bergensar

Mannen skal ifølge kvinna ha halvlangt mellomblondt hår, snakka bergensdialekt, ha nordisk utsjånad, og vera i underkant av 30 år. Han gjekk i dongeribukse, og hadde på seg ei kvit lue som han tok av seg då han sprang frå staden.

Politiet ventar på meir opplysningar frå henne, og etterlyser vitne.

– Vi ber folk som kan opplysningar ta kontakt på telefon 02800, seier Thue.

Det har vore dei siste åra vore ei overfallsvaldtekt og to valdtektsforsøk i akkurat dette området.