– Kysten treng Bergen eller Stavanger – ikkje Hermannsverk

Nødseth meiner at Sogn og Fjordane, styrt frå Hermansverk, har nedprioritert kysten. Difor trur han at kysten er betre tent med å bli styrt frå Bergen eller Stavanger.

– For Florø, Måløy, for kysten og for Førde, er det langt betre å få ein samhandling med folk som tenker meir som oss.

Aleksander Øren Heen meiner det er heilt motsett, og at kysten har blitt prioritert frå Hermansverk.

– Når det gjeld investeringar ligg kysten over andre delar av fylket, og når det gjeld drift ligg kysten på linje med andre delar av fylket.

HØYR HEILE DEBATTEN HER: