Lever i frykt for russisk etterretning i Norge

Ali Israelov måtte flykte frå Tsjetsjenia fordi han og sonen jobba med ein rapport om tortur og overgrep gjort av det tsjetsjenske regimet i samarbeid med russisk etterretning. Dei starta sak mot presidenten i menneskerettsdomstolen i Strasbourg:

Ali Israelov under høring

HØYRING: Ali Israelov deltok i 2010 i ei høyring i regi av den amerikanske kongressen om brot på menneskerettane i Tsjetsjenia.

Foto: NRK

– Vi såg med eigne auge at president Ramazan Khadyrov torturerte menn som var hengt opp langs veggen i ein gymsal. Agentar frå Tsjetsjenia fann sonen min i Austerrike og skaut og drap han på open gate, fortel Israelov.

Politiet i Austerrike konkluderte med at det var agentane til den Putin-støtta diktatoren Ramazan Khadyrov som drap Omar Israelov.

– Trua familien min

Ali Israelov fortsette arbeidet med å få president Khadyrov stilt for menneskerettsdomstolen. Men, dei fortsette å true han i Norge og familien i Tsjetsjenia:

– Eg fekk telefonar frå familiemedlemmar i Tsjetsjenia. Dei fortalde at dei hadde fått besøk av både russisk etterretning og Khadyrov sine agentar. Familien fortalde at agentane sa rett ut at dei ville bli drepne og ikkje eg stoppa med arbeidet mitt i Norge, fortel Israelov.

(Saka fortset under bildet)

Anonymt vitne

FRYKTAR LIVET: ‘David bur ein stad i Norge og det kan få alvorlige konsekvensar å vere kritisk mot Vladimir Putin eller den tsjetsjenske diktatoren Ramazan Khadyrov.

Foto: NRK

– Får konsekvensar å vere kritisk

NRK har vore i kontakt med fleire tsjetsjenske flyktningar i det tsjetsjenske eksilmiljøet i Norge. “David” seier han ikkje vil stå fram med namn og ansikt, fordi han er redd familien i Tsjetsjenia eller han sjølv kan bli torturert eller drepen:

– Det har skjedd fleire gonger at det har fått alvorlege konsekvensar for familiemedlemmar til tsjetsjenarar i Norge å vere kritisk mot regimet i heimlandet, fortel ”David”.

President i Tsjetsjenia Ramzan Kadyrov har fleire gonger sjølv sagt rett ut at det vil få konsekvensar for dei som bur i Europa og kritiserer han. Etter demonstrasjonar mot presidenten i både Wien og Oslo sa Kadyrov at dette vil få konsekvensar for familiane i Tsjetsjenia og at «bror må svare for bror».

I juni i år sa han på statleg tsjetsjensk TV at han kartlegg alle som bur i Europa og som kritiserer han. Han sa vidare at dei ein dag kan bli sparka ut av Europa og at då har dei ikkje anna val enn å kome til Tsjetsjenia og til Kadyrov. Han oppmoda tsjetsjenarar i Europa om å «ikkje skade seg sjølve» med å kritisere han.

(Saka fortset under biletet)

Russia Victory Day Ramzan Kadyrov

DIKTATOR: Tsjetsjenia sin president Ramazan Kadyrov poserer i russisk militæruniform under markeringa av 70 årsjubileet for slutten av andre verdskrig. Kadyrov er etterlyst for menneskerettsbrot og er kjent for å styre Tsjetsjenia med jarnhand.

Foto: Musa Sadulayev / Ap

Nettverk med angjevarar

”David” seier at han ikkje trudde det kunne vere slik då han først kom til Norge. Det var heilt til at han sa kva han meinte om regimet i Tsjetsjenia:

– Eg sat saman med åtte andre personar, fleire av dei kjenner eg godt. Eg sa at det Putin og hans støttespelarar driv med i Tsjetsjenia er både feil og grufullt. Dagen etter fekk eg ein telefon og trussel frå ein offiser i Tsjetsjenia. Han sa ”familien din er interessert i at du sluttar å snakke negativt om myndigheitene i Tsjetsjenia”.

(Saka fortset under biletet)

RUSSIA CHECHNYA

RUSSISKE SOLDATAR: Det har vore to krigar i Tsjetsjenia og det føregår enno eit væpna opprør for sjølvstende. Bildet viser russiske soldatar på patrulje i Tsjetsjenia.

Foto: MUSA SADULAYEV / Ap

– Kidnappa familiemedlem

“Jonas” er forfattar og journalist og bur ein stad i Norge. Han har publisert fleire bøker og artiklar som eksponerer og viser menneskerettsbrota i Tsjetsjenia. Også han vil vere anonym. Han fortel at noko dramatisk skjedde nyleg:

– Ei ung jente som er i min nære familie i Tsjetsjenia blei tatt og bortført. Dette skjedde etter at eg fekk ein telefon midt på natta frå Tsjetsjenia. Mannen som ringde sa han jobba for Khadyrov og spurte meg om eg ikkje er glad i familien min og om det var på tide å slutte å vere kritisk.

NRK har vore i kontakt med ei rekkje tsjetsjenarar som bur i Norge. Berre eit fåtal av dei ønsker å stille til intervju.

– Vil heller snakke om positive tema

NRK har kontakta den russiske ambassaden og bedt om ein kommentar til skuldingane frå NRK sine kjelder. 1. ambassaderåd Andrey Kolesnikov svarar dette på e-post:

«Etter våre observasjonar dukkar «spion-temaet» opp kvar gong når det negative ordforrådet om Russland tørkar ut. Vi har allereie kommentert liknande saker før og det er ikkje spanande for oss å kome tilbake til dette temaet. Men vi kjem gjerne tilbake til positive tema om de finn anledning til å utforske desse».