Lever med faren hengande over seg

Fem bustadhus på Dalen ligg innanfor eit rasutsett område viser ein fersk rapport.

Men geologar i NVE meiner det ikkje er farleg å bu i husa sidan skadelege ras berre kjem ein gong kvart tusande år.

Odd Arne Mikkelsen/NVE

Odd Arne Mikkelsen i NVE har kartlagt rasfaren på Dalen.

Foto: Pia Tøhaug / NRK

– Dei er utsett for steinsprang, men det er ikkje noko meir farleg no å bu i desse husa, seier geolog Odd Arne Mikkelsen.

Har kartlagt rasfaren

Han er etter kvart godt kjent med fjellsidene ned mot Dalen i Tokke. Dei har han og kollegaene i Noregs vassdrags- og energidirektorat studert både på nært hald og frå helikopter.

No har NVE overlevert meir presise kart om rasfare til Tokke kommune.

– Vi ser etter steinsprang, for det utgjer den største faren for desse husa. Fire av husa ligg ved Huvestadvegen, og der er det ei steinur rett på baksida av husa. Dei som bur der er kjent med at det går steinsprang der. Så for dei var det nok ikkje noko stor overrasking at dei ligg utsett til, seier Mikkelsen.

Står og ser oppover fjellsida

Kate Solheim, Dalen

Kate Solheim er klar over rasfaren i området.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Tett inntil dei bratte fjellsidene på Dalen står Kate Solheim i hagen sin og ser oppover på den stupbratte lia. Ho er klar over huset ho bur i er eit av dei fem mest utsette i kommunen.

– Ja. Det kan plutseleg skje, for det er store sprekkar oppi steinura her. Men vi veit jo ikkje når. Om det skjer om hundre år eller om kort tid. Vi står og kikkar oppover av og til, seier Solheim.

– Men nabohuset er kanskje enno meir utsett?

– Ja. Ved det vesle gule huset har det kome stein heilt ned til garasjen.

Nyttig for kommunen

Geolog Odd Arne Mikkelsen meiner folk som bur i området ikkje treng å vere meir uroleg enn vanleg.

– Det er fleire stader i Noreg der hus ligg enno meir utsett til. Kommunen kan sjølvsagt sjå om det er mogleg å sikre det her. Det får bli ein prosess vidare.

Teknisk sjef Einar Heggtveit i Tokke er glad for å få nye kart som viser rasfare i kommunen.

– Det er veldig nyttig for kommunen å få kartlagt dette, og få ein rapport på det. Ein del av området var vi klar over at var utsett i forhold til skred. Men for oss var det nyttig å få dei eksakte sonene og gjort det synleg kor det var problem, særleg med tanke på dei som bur i området.