– Likte ikkje tanken på å danke ut Listhaug

Nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal Frp sette i utgangspunktet Frank Sve på toppen av lista, med innvandringsminister Sylvi Listhaug på andre og landbruks- og matminister Jon Georg Dale på tredjeplassen.

Både Frank Sve og Sylvi Listhaug har tidlegare sagt at berre ein førsteplass er godt nok for dei. I dag trakk Sve seg frå heile lista. Sjølv seier han det var for å skape ro i partiet.

– Det er klart at eg hadde lyst til å kome på Stortinget, men eg har også lyst at partiet skal lykkast og at ein skal ha det kjekt i politikken. Eg trur ikkje at eg ville fått det noko kjekt på Stortinget dersom eg hadde danka ut ein av landets mest populære statsrådar.

Ville hatt gode sjansar

Sve er likevel sikker på at han ville ha gitt Listhaug og Dale ein reell kamp om førsteplassen dersom han hadde stilt.

Jon Georg Dale, Frank Sve, Sylvi Listhaug

Frank Sve seier at han er vand med å ta ansvar til det beste for partiet. Han viker plass til fordel for Sylvi Listhaug.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

– Det hadde blitt jamt, men det trur eg faktisk. Men hadde det skjedd ville eg ha vunne slaget, men tapt krigen. Eg trur politikken, valkampen og nominasjonen ville tapt på ein slik opprivande prosess, og eg er ikkje interessert i å sparke beina under ein statsråd, seier han.

– Korleis trur du det ville blitt innanfor partiet dersom du hadde vunne over ein statsråd?

– Eg trur det hadde blitt ei spesiell stemning, og det vil eg ikkje bidra til. Vi har to flinke statsrådar som vi er stolte av, og det er ingen grunn til å takle dei ut av posisjon, seier Sve.

Frykta intern strid

Både Listhaug og Dale seier at dei har stor respekt for Sve og den jobben han har gjort for Frp. Vidare vektlegg dei to at dei har hatt eit godt samarbeid med Sve gjennom ei årrekke, og at dei vil fortsette med det.

– Frykta de at Sve kunne vinne?

Jon Georg Dale

Jon Georg Dale ser fram til å kunne samarbeide vidare med Frank Sve.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Vi frykta først og fremst at vi ville drive intern strid i staden for valkamp. Alle tre bidrog til finne ei løysing på dette, noko som gjorde at Sve trakk sin kandidatur. Det er ingen tvil om at vi burde handtert denne saka annleis, slik at vi hadde unngått å snakke om, i staden for med kvarandre, seier Dale.

– Kvifor er det meir demokratisk at de krev dei sikre plassane enn at nominasjonsnemnda får bestemme?

– No er det nominasjonsnemnda som skal bestemme. For min del så handlar dette om at eg nærmar meg 39 år og har snart tre barn. Eg har vore tydeleg på at dersom eg skal vere med i politikken vidare så må eg drive med dette på heiltid, seier Listhaug.

Dale meiner at dei tre politikarane kjenner grasrota i Møre og Romsdal på kvar sin måte, men vedgår at Sve har sterke band til fylket.

– Vi kjem frå ulike delar av grasrota og har alle jobba tett i partiorganisasjonen heime. Men det er ingen tvil om at Frank har eit stort kontaktnettverk i Møre og Romsdal, noko eg trur vi alle kan nytte oss av i denne valkampen. Det som er så fint med denne rotete prosessen er at vi no ser ut til å lande dette på ein måte som vi alle blir fornøgd med, seier han.