Lurer du på kva stadnamna betyr?

I stadnamnserien vår har vi blant anna vore innom Kukkelurevika, ein plass der det fanst mange sniglehus. Vi har vore høgt til fjells på Håsteinen i Flora kommune. Hå betyr høg og er det høgste fjellet i området. Dermed vart namnet Håsteinen.

Det litt artige namnet Gygrarøvi i Sogndal har og fått si forklaring. Segna fortel om ei trollkjerring som sette seg ned og laga merke i fjellet.

Ivar Aasen si ordbok

I løpet av hausten skal du få vite kva meir om stadnamn som Bjørlo, Bembesvoda, Hafslo og mange fleire. Kristian Solvang har hovudfag i temaet og forskar på stadnamn. Han skal gje deg forklaring på små og store namn rundt om i heile Sogn og Fjordane, eit arbeid som krev både lokalkunnskap om gardsdeling og kystkultur.

Kristian Solvang

MANGE TURAR I STUDIO: Kristian Solvang jaktar på spesielle stadnamn over heile Sogn og Fjordane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg får stadig spørsmål frå folk som lurer på dette med namn. Det er ikkje alltid eg kan svare på ståande fot, og nokre stadnamn er det og vanskege å forklare, seier Solvang. Skal ein vere ein god tolkar av stadnamn, må ein ha mykje lokal kunnskap, blant anna om gardsdeling og kystkultur, fortel Solvang.

– For oss som undersøkjer stadnamn og gamle ord, vil eg kalle Ivar Aasen si ordbok for Bibelen.

Serien, som er laga av Gro Ravnestad, skal du få i morgonsendinga kvar måndag og onsdag og vi legg og ut lydfilene og forklaringane på nettet. Vi tek gjerne imot spørsmål og tips. Du kan skrive dei inn i skjemaet under denne teksten.