Mann kasta hammer i hovudet på politimann

Politiet fekk onsdag kveld melding om at ein mann ropte og skreik medan han knuste ruter i Mobergslia på Os i Hordaland.

Politimann til sjukehus

Ein patrulje rykte ut og tok mannen i 40-åra på fersk gjerning. Gjerningsmannen sette seg imot arrest.

– Mannen kom med trugslar mot politiet og kasta ein hammer mot ein av politibetjentane. Politimannen vart treft i hovudet og køyrt til legevakta, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Politimannen tok seg sjølv til Haukeland universitetssjukehus.

– Han er ikkje alvorleg skadd, men han har fått seg ein real kul, seier operasjonsleiaren.

Dømd for politivald

Gjerningsmannen er sikta for skadeverk og vald mot offentleg tenestemann.

– Gjerningsmannen er ein kjenning av politiet. Han er tidlegare domfelt for fleire tilfelle av vald, også mot politiet, og har truga politiet ei rekkje gonger, opplyser Halleraker.

Men mannen hadde ikkje rasa frå seg. På veg til arresten vart han meldt for forulemping av politiet på grunn av ufin munnbruk.

Mannen sit no i sentralarresten i Bergen sentrum og skal i avhøyr i dag.