Meiner etterforskinga har vore mangelfull

Saka blir oppdatert.

Advokaten til den hovudtiltalte i fisketjuverisaka på Sunnmøre meiner at påtalemyndigheita ikkje kan bevise at klienten hans har stole eller medverka til tjuveri av fisk frå Scanprod i perioden 2010- 2015.

– Dersom han skal ha stole 386 tonn fisk frå Scanprod, betyr det at han må ha vore på anlegget 148 gongar for å hente fisk. Likevel er det ingen som har observert min klient eller bilen han køyrde ved anlegget i løpet av denne perioden, sa forsvarer Anders Svinø då han starta prosedyren sin i Sunnmøre tingrett onsdag ettermiddag.

Han meiner den hovudtiltalte bør frifinnast for tiltalepunkta som gjeld heleri og brot på matlova, og at han bør frikjennast frå å betale erstatningskrav i saka. Han ber også om at hans klient blir behandla på mildast måte for dei andre tiltalepunkta knytt til unndraging av skatt og moms, som mannen har erkjent straffskuld for.

Stor oppdagingsrisiko

Han vektla vidare at det både var alarm og port ved Scanprod, og at anlegget ligg i eit industriområdet som er lett synleg. I tillegg skal det ha budd mellom 6–8 tilsette i brakk ved anlegget, og heller ikkje desse skal ha sett noko.

Anders Svinø

Anders Svinø er forsvararen til den hovudtiltalte i fisketjuverisaka.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– 102 av dei 109 leveransane til Aalesund Seafood blei også gjort på dagtid mellom klokka 06.30 og 18.00. Då ville det vere ein ekstrem oppdagingsrisiko dersom min klient hadde vore ved Scanprod innanfor denne tidsramma, sa Svinø.

Forsvararen meinte også at etterforskinga i saka har vore einspora og at hans klient sine forklaringar om at fisken kom frå ein leverandør i nord, ikkje har blitt undersøkt eller følgt opp av politiet.

– Mangelfull etterforsking

Bertil Rønnestad forsvarer mannen som er tiltalt for å ha mottatt stolen fisk til bedrifta si Aalesund Seafood. I sin prosedyre la også Rønnestad vekt på det han meinte var ei mangelfull etterforsking frå politiet si side.

Bertil Hast Rønnestad

Forsvarar Bertil Rønnestad meiner etterforskinga har vore mangelfull.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Han meinte mellom anna at politiet ikkje har gjort sjølvstendige etterforskingar, men derimot lagt for stor vekt på påstandar frå den fornærma i saka, nemleg Scanprod. Han vektla mellom anna at det ikkje blei gjort kriminaltekniske undersøkingar av fisken som blei finne ved Brødrene Aarseth, som er eigd av Aalesund Seafood.

– Det er ikkje slik etterforskinga i ei alvorleg straffesak skal vere, sa Rønnestad.

Han meiner også at det ikkje har vore fremja dokumentasjon som beviser at hans klient burde ha visst at fisken han kjøpte var stolen. Også Rønnestad krev frifinning på alle tiltalepunkta mot hans klient, og at han bør frifinnast frå inndragings- og erstatningskravet som er fremja mot han.

Meiner reknestykket ikkje stemmer

Også Axel Lange, som er forsvararen til den tidlegare Scanprod-tilsette som er tiltalt for tjuveri, la fram eit krav om frikjenning på alle tiltalepunkt mot hans klient, og at han burde frikjennast for erstatnings- og inndragingskravet mot han.

Lange meiner at påtalemyndigheita ikkje kan bevise at hans klient har stole eller lagt til rette for tjuveri av 220 tonn fisk frå Scanprod. Han vektla at dei bevisa som påtalemyndigheita hadde funne ved Brødrene Aarseth, mellom anna type fisk og pakking av denne fisken, ikkje var uvanlege nok til å kunne bevise at denne fisken stamma frå Scanprod.

Påtalemyndigheita har også vektlagt dei omfattande pengeoverføringane som hadde skjedd frå den hovudtiltalte til den tidlegare Scanprod-tilsette, og at desse overføringane skal ha skjedd i same tidsrom som mange, men ikkje alle, av fiskeleveransane til Aalesund Seafood. Både den hovudtiltalte og den tidlegare Scanprod-tilsette har tidlegare forklart at pengeoverføringane mellom dei var pengar til tipping. Lange meinte også at det ikkje var nok bevis til å kunne knytte desse overføringane til kjøp av stolen fisk.

– Reknestykket stemmer rett og slett ikkje. Det er mellom anna fleire overføringar enn leveransar. I tillegg viser dokumentasjon at mykje av desse pengane gjekk til tipping, sa Lange.

Dommen i saka skal vere klar 12. oktober.