Mesta skal rassikre Romsdalen

Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. Det var totalt sju aktørar som leverte tilbod på prosjektet. Oppstart er venta å bli i månadsskiftet oktober- november og består av to anlegg; å rassikre E136 Dølsteinfonna og Fantebrauta, og bygge ein kontrollstasjon.

– Europaveg 136 gjennom Romsdalen er ei svært viktig transportåre for Møre og Romsdal, og det har store økonomiske konsekvensar når vegen er stengt. Prosjektet er difor viktig for å sikre ein open veg til ei kvar tid, skriv Statens vegvesen.

Skal sikre mot ras

Ved Fantebrauta skal det mellom anna byggast ein 240 meter lang lausmassetunnel i betong for å sikre mot snøskred.

Mesta skal rassikre Romsdalen

Masta skal mellom anna rassikre E136 Dølsteinfonna og Fantebrauta.

Foto: Statens vegvesen

Mot fjellsida, i kvar ende av tunnelen, skal det byggast voller inntil vegen med bratt støtside mot fjellet for å sikre, og kanskje redusere, sjansen for steinsprang mot vegen.

Ved Dølsteinfonna skal ein ny voll byggast. Den skal vere 6 meter høgare enn vegbana, og vil kome nærare inn mot vegen. Saman med ein høgare voll vil dette føre til at lufttrykket frå eventuelle skred blir flytta høgare opp frå vegen.

Sikringseffekten ved Dølsteinfonna skal også aukast ved at vollen blir forlenga, høgare og nærare vegen enn den er i dag.

Kontrollstasjon i Romsdalen

Bygginga av ein kontrollstasjonen er avhengig av finansiering over statsbudsjettet for 2017. Kontrollstasjonen skal ligge på Marstein, ca. 16 km frå Åndalsnes.

Kontrollstasjon Romsdalen

Mesta skal også bygge ein kontrollstasjon på Marstein.

Foto: Statens vegvesen

– Her skal det byggjast ein moderne kontrollstasjon for store køyretøy til erstatning for stasjonen ved Trollveggenutsikten på Horgheimseidet. Stasjonen skal bestå av kontor/ekspedisjonsbygg og kontrollhall med grav og vekt, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det vil også bli tilrettelagt for bruk av ny teknologi, som opplegg for kjennemerkeskannar, vektfølarar i vegbanen, to-vegs videoovervaking av vegen før kontrollstasjonen og termisk fotografering av bremser.