No vil dei lokke fleire turistar til å oppleve dette

Aurland er ein kjent reiselivsdestinasjon langt utover landets grenser. Reiselivet er den klart største næringa i kommunen, og no vil politikarane gjere sitt for å bli endå større på vinterturisme.

Noralv Distad

VIL SATSE: Ordførar Noralv Distad seier satsinga frå kommunen på vinterturisme ikkje nødvendigvis handlar om satsing i kroner og øre. Han seier dei allereie har ei rekkje gode tilbod og moglegheiter, og at det sentrale for kommunen er å legge til rette og hjelpe dei ulike aktørane med å få til fruktbare samarbeid.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Framleis er det slik at vi har mykje større aktivitet om sommaren og mange tilsette som berre er her om sommaren. No vil vi prøve å løfte dette, slik at vi får meir aktivitet på vinteren, seier ordførar Noralv Distad og held fram:

– Det trur eg turistane vil sette pris på, samtidig som det også vil bety at vi får fleire heilårsarbeidsplassar.

Verdskjend togbane i sentrum

Flåmsbana er ein av dei aller viktigaste berebjelkane for reiselivet i Aurland. For tre veker sidan kom nyheita om at drifta av den populære togbana skal skjermast for konkurranse. Det betyr at Aurland kommune og reiselivsbedriftene får halde fram samarbeidet med NSB.

– Dette var ei svært viktig avklaring. Flåmsbana er ei perle i norsk reiseliv, den har ei veldig vekstkraft og skapar store verdiar i området, seier Distad.

Flåmsbana om vinteren

NYE TOG: NSB har lova at Flåmsbana skal få ny vogner i løpet av få år. På formannskapsmøtet i Aurland fredag vart det lagt fram ulike alternativ til ei utskifting, men ifølgje ordførar Noralv Distad er ein ikkje nærare ei konkretisering av når dette vil skje.

Foto: Noralv Distad

Fokus på samarbeid

Avklaringa gav kommunen endå meir motivasjon til å satse vidare på vinterturisme. Det finst allereie fleire tilbod for turistar som kjem til kommunen vinterstid, mellom anna fjordsafari og ei heilårsopen bussrute til utkikkspunktet Stegastein. Fleire hotell og butikkar held også ope når snøen har lagt seg, seier ordføraren.

På eit formannskapsmøte fredag diskuterte dei fremste politikarane korleis dei skal legge til rette for vidare satsing.

– Vi er ein stor aksjonær i Aurland ressursutvikling og som eigar der har vi ei viktig rolle å spele. Elles har vi ei viktig rolle å spele for næringslivet, og vi må få dei ulike aktørane til å samarbeide, nemner Distad.

Med på møtet var også NSB som mellom anna la fram ulike forslag til nytt materiell på Flåmsbana. Dagens vogner er utdaterte, og NSB har allereie lova at materiellet vil bytast ut i løpet av kort tid.

Fjordsafari i Aurland på vinteren

FJORDSAFARI: Det spektakulære fjordlandskapet i Aurland kan gje unike opplevingar for turistar også i vinterhalvåret.

Foto: Noralv Distad

Vil ha fleire heilårsarbeidsplassar

Ein viktig motivasjon for kommunen er å gjere det mogleg for fleire å leve og bu i Aurland året rundt. Slik det er i dag er det mange som berre har arbeid i kommunen i sommarsesongen.

– Talet heilårsarbeidsplassar i reiselivet har auka, men vi vil gjerne auke talet ytterlegare. Vi er inne i ein positiv trend, der vi ser at det er stor pågang på bustader og tomter.

– Vi har allereie unike produkt, og vi veit at kundane er der, både i Norge og verda elles, seier han.