– Noko av det største du kan gjere

– Å spele finale i World Cup det er noko av det største du kan gjere i internasjonal hockey. Det er noko vi er stolte av, seier Mats Zuccarello til NRK.

3.43 ut i forlenginga spela Zucca fram Tomas Tatar som stod åleine framfor Sveriges målvakt Henrik Lundqvist. Slovaken skaut, keeper redda, returen gjekk i Tatars skøyte og i mål.

Dommarane såg på videooptaket av målet og diskuterte ei stund, så godkjende dei målet. Dei vurderte at Tatar ikkje aktivt brukte skøyta.

– Eg fekk ikkje tid nok til å vri meg tilbake. Eg ser pucken gli sakte mot linja og håpar noko kjem og ryddar opp. Men det skjer ikkje, sa ein skuffa Lundqvist til svensk TV3.

Dermed vann Europa 3-2, og er nokså overraskande klar for finalen mot Canada. Det betyr inntil tre finalekampar for Zucca og hans lagkameratar.

Sverige var klar favoritt, og Nicklas Bäckstöm gav Sverige leiinga 2.31 inn i andre periode, men Marian Gaborik utlikna etter 16.27.

Tomas Tatar scora etter berre 12 sekund i siste perioden, men 15.28 ut i perioden sette Erik Karlsson inn den svenske utlikninga.

Første finalekamp mot Canada går tysdag. Den andre går torsdag, og om det blir ein tredje kamp, går den laurdag.

– Vi er eit lag som ikke er avhengig av enkeltpersonar. Vi må spele for kvarandre og tett i forsvar. Og så må vi at dei sjansene vi får. Men no er vi i finalen etter å ha slått gode lag. Vi har fortjent å komme til finalen, seier Mats Zuccarello til NRK.