Ole Morten vakna opp utan jobb å gå til

– Eg føler meg tyngre i kroppen og tyngre til sins. Det er mange spørsmål. Kva skjer vidare, og kva skal vere levebrødet mitt?

Det seier Ole Morten Vik dagen etter at arbeidsgjevaren Vest Buss slo seg sjølv konkurs. Saman med 20 andre tilsette mista han jobben i Stryn.

Dei tilsette på Vest Buss er ein del av ein større statistikk. Nær 160 personar i fylket har mista jobben, eller blitt permitert, i løpet av to veker.

– Eg hadde ingen store planar for dagen. Eg såg jo for meg at eg skulle på jobb, men det skal eg ikkje. Det er ein heilt ny situasjon, seier Vik.

– Litt tilfeldig

Det store tapet av arbeidsplassar på kort tid, er nok tilfeldig, meiner NAV-direktør, Tore Thorsnes.

– Det er synd for dei det gjeld, og ein tragedie for dei som mister jobben sin, men eg tenker det er litt tilfeldig at det skjer så mange her i fylket samtidig.

Som direktør for NAV i fylket, ser han lyst på framtida for dei det gjeld.

– Dei som blir ledige får seg veldig fort jobb. Vi er parat til å hjelpe alle som har behov for våre tenester.

Tore Thorsnes, NAV-direktør

OMSTILLING: NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, ber folk om å vere budd på omstilling.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Endringane i arbeidsmarknaden gjer at folk må tenke nytt.

– Ein må vere fleksibel. Det er ein del næringar som er på veg ut. Det betyr at folk må omstille seg.

Uvissa om kva som skjer vidare

Ole Morten Vik er tillitsvalt i Vest Buss. Utan ein jobb, så trur han likevel at han skal få tida til å gå.

– Eg held på med eit hus, så litt av tida mi framover går med til det. Som tillitsvald har eg nok å henge fingrane i.

På tysdag var det slutt for Vest Buss, og for dei tilsette er uvissa vanskeleg.

– Vi veit ikkje kva som skjer vidare. No står vi i eit vakuum. Nokon vil nok slite meir enn andre. Det er ikkje heilt enkelt for alle, seier Vik.