Politiet aukar beredskapen før Molde – RBK

Kampane mellom dei to rivalane Molde FK og Rosenborg FK har dei siste åra vore prega av bråk og uheldige episodar.

Politiet håper å unngå dette under laurdagens kamp, og stiller difor med høgare bemanning enn vanleg. Bakgrunnen for det er erfaringar frå tidlegare år.

– Vi har ein generell beredskap og gjer ei trusselvurdering før kvar kamp. Denne kampen har eit høgare trusselnivå enn vanleg og vi aukar difor beredskapen slik at vi er klar dersom noko skulle skjer, seier Hans Kristian Lundgren, innsatsleiar i politiet.

Rivalane

molde

Molde og RBK møtast til kamp på Aker Stadion i kveld.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Bruk av ulovlege bluss og storming av banen var noko av det som skapte reaksjonar då Molde tok i mot Rosenborg i fjor. Rivaliseringa mellom dei to topplaga har eksistert i ei årrekke og laga har ofte kniva om å ta seriegullet heim.

Prestisjekampen mellom Molde og RBK er utselt og Molde FK har opplevd så stor pågang at dei tidlegare denne veka gjekk ut og bad dei som har sesongkort om å selje eller frigjere billettar om dei ikkje sjølv kunne kome på kamp. Heile seks bussar med supporterar frå Kjernen er venta til Molde.

– Det er ein laurdagskamp, med lag frå byar som ikkje ligg så langt ifrå kvarandre. Det har tradisjonell vore vanleg at mange trønderar tek turen hit når dei to laga møtast. Samtidig har det historisk sett vore ein liten kamp både mellom byane og laga, seier Lundgren.

– Fleirtalet oppfører seg bra

Lundgren meiner likevel det er viktig å vektlegge at fleirtalet av supporterane oppfører seg både under og etter kampane.

Rosenborg-Molde

RBK jublar etter ei tidleg scoring i eliteseriekampen mellom RBK og MFK på Lerkendal stadion. Molde-supporterane viser i bakgrunnen.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Det er viktig å poengtere at det eit fåtal personar, og ikkje majoriteten av supporterane, som gjer at vi hevar beredskapen, seier han.

Innsatsleiaren seier at dei håper på ein roleg kamp, men at dei må ta høgde for at ting kan skje.

– Vi har ein beredskap i tilfelle noko skulle skje. Vi håper sjølvsagt at det ikkje skjer, og at alle som kjem på kamp får ein triveleg dag. Det skal ikkje vere slik at folk føler ubehag eller ikkje tørr å ta med ungane sine på kamp, det er berre trist, seier Lundgren.

Eige telt for RBK-supporterane

Molde FK vil ikkje kommentere kva sikkerheitstiltak dei har sett i verk. På Rosenborg sine nettsider skriv fotballklubben at det vil bli sett opp eit eige telt for RBK-supporterane og at dei kan opphalde seg der i forkant av kampen. I tillegg blir restauranten Kompaniet reservert for RBK-supporterane i samband med kampen.

Molde - Rosenborg

I fjor brukte RBK-supporterane ulovlege pyroeffekter under kampen mot Molde på Aker Stadion.

Foto: Roar Halten

Bortesupporterane blir så følgt med eskorte frå teltet inn til stadion, der dei vil få tilgang til tribunen via ein eigen inngang.

– Det vil som vanleg bli gjennomført visitering og i den samanheng vil vi minne om at pyrotekniske artiklar er forbode. Personar som trassar dette forbodet vil frå inndratt billetten sin og blir vist vekk frå kampen, skriv klubben.

– Vi gler oss til eit fullsett stadion og ønsker alle ein god kamp, skriv dei vidare.