Politiet måtte rykke ut til «kebabkrangel»

Det var like før klokka 03.00 natt til torsdag at politiet i Molde måtte rykke ut til det dei kalla ein «kebabkrangel» i sentrum.

– Det oppstod ein krangel mellom to menn i 20-åra i samband med kjøp av nattmat, seier Arnt Remdan, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Politiet fekk raskt kontroll på dei to, og den eine mannen blei frakta til legevakt for sjekk.

– Han skal ha hatt smerter i nasen, men var ikkje alvorleg skadd, seier operasjonsleiaren.

Den sistnemnde vil melde saka til politiet.

Fann fleinsopp

To menn i 20 og 30-åra blei i natt arrestert i Fræna etter å ha blitt tatt med fleinsopp i ein politikontroll.

– Den eine mannen er i tillegg mistenkt for køyring i rusa tilstand og blei tatt med for nærare prøver, seier operasjonsleiaren.

Forholdet blir meldt.