Politisk thriller om skule i Lærdal

Lærdal kommune skal spare 20 millionar kroner, og oppvekstbudsjettet skal kuttast med fire millionar. Difor har rådmann Alf Olsen jr. gitt si innstilling og rår kommunestyret til å legge ned barneskulen, når dei skal vedta ny skulebruksplan i oktober.

– Analyser viser oss at vi eigentleg har plass til alle elevane i Lærdal på Lærdalsøyri skule, men reiseavstandane blir for store til å samle alle. Så det blir vi frårådd å gjere, seier Olsen.

Ljøsne skule har tidlegare vore truga av nedlegging, då rådmannen i framlegget til økonomiplanen for 2014 til 2017, tilrådde å legge ned skulen. Den gongen vart skulen redda, då avgjerda vart utsett til handsaminga av skulebruksplanen.

Jan Geir Solheim

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) gjekk til val på å halde på skulestrukturen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Tøff politisk sak

Skulestrukturen i Lærdal har vore gjenstand for debatt før, og i fjor gjekk både Senterpartiet og SV til val på å halde på dei skulane som er i kommunen.

– Eg er heilt imot å legge med Ljøsne skule. Eg har gått til val på å halde på strukturen. Avstandane er ikkje så store i Lærdal, men skulen har ein viktig rolle på Ljøsne, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

I den førre perioden til ordføraren vart ungdomsskulen på Borgund lagd ned. Vedtaket vart gjort med ni mot åtte røyster i kommunestyret. Solheim trur det kan bli like jamt når kommunestyret skal avgjere denne saka.

– Eg merkar at det er sterke kjensler i sving. Det er dramatisk for dei det gjeld, seier ordføraren.

Dyrast å halde vedlike

Ljøsne er den skulen som er i dårlegast stand, og for at skulen skal kunne drivast etter «Forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar», må kommunen gjere store investeringar.

– Bygningsmessig er det Ljøsne skule som er dårlegast. Det går på branntryggleik, universell utforming og inneklima, seier rådmannen.

Ifølge rådmannen er kommunen best tent med å ha to skular, Borgund og Lærdalsøyri, og at Ljøsne blir lagt ned.

– Mørk sky

Elisabeth Rumohr er FAU-leiar på skulen og representerer foreldra til elevane.

– Det har hengt over skulen som ei mørk sky i fleire år. Det er nærskulen vår, og det betyr mykje for nærmiljøet i krinsen, seier Rumohr.

Foreldra har sett på om det finst ein måte å kome utanom krava om utbetring og vedlikehaldet av skulen.

– Delar av bygget er frå 50-talet og har ikkje vore veldig godt halde ved like. Men vi har sett på om det går an å bruke dei nyaste delane av bygget til undervising.

Formannskapet har saka oppe til handsaming kommande torsdag, og kommunestyret skal avgjere saka 20. oktober.