Pupper på torget

Kreftforeninga jobbar for at kvinner sjølv skal oppdaga om dei har fått ein kreftsvulst i brystet sitt.

På standen i Stavanger sentrum i dag, var rådgjevar i Kreftforeninga i Stavanger, Elisabeth Leiros på plass. Ho forklarte forskjellen på eit friskt og eit kreftramma bryst til dei som var interesserte i å høyre om temaet.

Elisabeth Leiros, rådgjevar Kreftforeninga, Stavanger

Elisabeth Leiros, rådgjevar Kreftforeninga, Stavanger, møtte mange menneske som var interesserte i temaet brystkreft på standen i Stavanger sentrum.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Elisabeth Leiros, rådgjevar i Kreftforeninga i Stavanger oppfordrar elles folk til å forske litt på seg sjølv. Det gjeld spesielt bryst for kvinner og testiklar for menn.

– Det er nemleg viktig å oppdage endringar i kroppen tidleg, for å koma raskt under behandling og auke sjansane for å bli heilt frisk igjen, seier Leiros.

DNA er nøkkelen

Professor Emiel Janssen, som forskar på kreftgåta

Professor Emiel Janssen, er interessert i DNA-forskjellar på friske og kreftsjuke menneske.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Kreftforskar Emiel Janssen på også på plass på Torget i Stavanger. Han er mellom anna opptatt av korleis det er råd å oppdaga forskjell i DNA i dei friske og dei kreftsjuke cellene på eit tidleg stadium.

Dette er ikkje lett å oppdaga, men lukkast arbeidet blir det enklare å oppdage kreft tidlegare i sjukdomsutviklinga enn i dag.

Samstundes var forskaren på jakt etter innspel og observasjonar frå dei som stakk innom. Korleis det er å leve med kreft, er eitt tema, som Janssen gjerne ville høyre publikum sine erfaringar med.

Forskarane viser seg fram i saman

Forskingstorget i Stavanger sentrum blei arrangert av Tekna – Teknisk-naturvitskapeleg foreining, og Jærmuseet, avdeling Vitenfabrikken, i samarbeid med den lokale Forskningsdagskomiteen som blir leia av Universietet i Stavanger.

Tanken bak Forskingstorget er å invitere barn og vaksne til undring og ein innsyn i forskarverda. I tillegg vonar arrangørane at folk skal ta med seg ny kunnskap heim att.