Rakel (95) og Kjetil (25) trivst i same kor

– Eg har gledd meg til dette, men eg har ikkje alltid vore i god nok form til å fare. I dag var eg opplagt og klar til å reise, seier Aasen.

Rakel Aasen

REISEKLAR: Spaserstokken, frakken og nista er med når Rakel Aasen skal på tur.

Rakel Aasen på tur gjennom barndomslandskapet

NORDFJORDING: Aasen reiser gjennom barndomslandskapet sitt denne dagen.

Kjetil Andreas Nydal

ODELSGUT: Dirigent Kjetil Andreas Nydal har nyleg flytta heim til Jølster.

Ho set kursen mot flokken av andre eldre som er i ferd med å klatre inn på turbussane som står og blinkar i morgonsola.

Seniorkoret skal på tur til Briksdalsbreen med den nye dirigenten sin, 25-åringen Kjetil Andreas Nydal. Aasen er spent.

– Han har hatt éi øving med oss før, så eg har allereie møtt han. Han verkar veldig koseleg og kjekk, fortel ho.

– Nesten betre å prate med unge enn med eldre

Bussen tar oss med gjennom eit landskap som badar i sollys, på vegar med god utsikt mot fjell, dalar og bygder. Rakel Aasen følgjer med gjennom vindauget, og fortel at ho berre synest det er kjekt at den nye dirigenten er såpass ung.

Panoramavegen

VAKRE SYN: – Det er fint å sjå seg om, sjølv om eg har vore her før, seier Rakel.

På Skei stoppar bussen for ein ung mann med rutete skjorte, skjegg og gitarkasse.

Det går eit sus gjennom reisefølgjet:

– Der er han.

Dirigenten Kjetil Andreas Nydal går på til applaus frå Seniorkoret.

Brenn for musikkterapi

Koret følgjer Panoramavegen og stoppar ved Sagedammen for omvising, kaffi, sveler og litt synging. Nydal, som nettopp er ferdig med ei masteravhandling i musikkterapi frå Griegakademiet, står i den skarpe sola og dirigerer koret med energiske rørsler.

Kjetil Andreas Nydal ved Sagedammen

ENERGISK: Nydal dirigerer seniorkoret ved Sagedammen.

– Nokre av dei har kanskje ikkje så veldig mykje å styre med elles i veka, og då er det veldig viktig å ha noko å gå til som dei trivast med, seier han.

Han ser heller ikkje noko problem med aldersforskjellen på han sjølv og gjengen han skal leie.

– Eg var spent, men blei veldig godt tatt i mot. Eg ser ikkje noko problem med alderen deira, dei er livlege, kjekke folk, og eg ser fram til å fortsetje i jobben, seier han.

– Koret betyr alt

Seniorkoret på tur til Briksdalsbreen

MELLOM DEI ELDSTE: – Eg var den fyrste som møtte opp då koret starta, fortel Rakel Aasen.

Etter besøket ved Briksdalsbreen er Rakel trøytt og veldig glad for at ho har vore med på turen. Synging har vore viktig for henne heilt sidan ho var barn, då ho og mora pleidde å synge fleirstemmig i lag. Øvingane med Seniorkoret er noko ho set pris på.

– Det betyr alt. Det å vere i lag og å syngje. Samhaldet. Det er det kjekkaste eg har vore med på, og eg gler meg til kvar gong.

Kor ved Briksdalsbreen

HARMONERER: Ved Briksdalsbreen framfører koret fleire songar både inne og ute.