Redaktøren: Svarer på fjøs-kritikk

Replikkvignett

Norsk vegansamfunn har i ein kronikk på NRK Ytring tatt opp fleire spørsmål dei meinte vi burde belyse når vi produserte #NRKFjos. Og under innlegget blomstrar diskusjonen, akkurat slik den gjorde medan Fjøs-TV varte.

Mange av innlegga her på Ytring bidreg til auka kunnskap frå begge sider. Den sida som meiner at vi bør ha kjøt- og mjølkeproduksjon på norske gardar og den som meiner det hadde vore betre for både dyr, menneske og miljø at norsk landbruk satsa reint på vegetabilske produkt som kan bli mat for folk.

Mjølkeproduksjon frå innsida

#NRKFjos var meint til å vise korleis mjølkeproduksjon går føre seg i eit moderne lausdriftsfjøs i Gudbrandsdalen. Eit premiss var at garden ligg i ein del av landet der det er dårleg jordsmonn og klima for å dyrke grønsaker eller korn, men betre tilhøve for å dyrke gras til kyr. Eit anna premiss var å vise kor avansert arbeidet på ein moderne gard er, og kva det krev av brukaren.

Difor sette vi opp fleire kamera slik at sjåaren sjølv kunne plukke kva ho ville sjå. Sidan vi ikkje redigerte, var det «det levande livet» folk fekk sjå. Eit bilde av moderne norsk landbruk på godt og på vondt.

I samtala som gjekk mellom kom både ris og ros, og mange hadde god innsikt. Mange såg mykje godt. Andre såg noko som gjorde vondt, mellom anna at kalven vart skild frå kua rett etter at han vart fødd. Og at kyr som ikkje produserer nok mjølk blir sendt til slakting.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter og NRK Debatt på Facebook

Fleire debattar om landbruket

Desse tema og meir til kunne vi sikkert godt ha drøfta meir i journalistikken rundt prosjektet, men vi er jo ikkje ferdig med dette. Fleire saker om norsk landbruk følger.

Vi kan legge til at vi i kvar dag også hadde tema til fordjuping i vårt fjøs-studio. Der tok vi opp saker som kua som klimaversting og kraftforbruk i landbruket. Og i debatten mellom landbruksminister Jon Georg Dale og Senterpartiet-leiar Trygve Slagsvold Vedum kom spørsmålet om etikken ved dyrehald opp, og begge svarte utførande.