Rekordvarmt i Svalbard-fjord

Temperaturen i Arktis aukar dobbelt så fort som i resten av verda. Og det er ikkje berre i lufta at temperaturen stig. Det skjer også i havet og i fjordane på Svalbard.

Den tysk-franske forskingsstasjonen i Ny-Ålesund, AWIPEV, har eit undervassobservatorium som er plassert på 11 meters djup, 40 meter utanfor den gamle kaia i byen. Avansert måleutstyr er plassert i eit brakkeliknande bygg inne på land. Her blir det gjort mange typar målingar døgnet rundt, heile året.

The Svalbard Underwater Observatory

AWIPEV sitt undervassobservatorium i Kongsfjorden sender data inn til land døgnet rundt, heile året.

Foto: Philipp Fischer / Alfred-Wegener-Institut

Professor Philipp Fischer ved Alfred-Wegener-Institut fortel at temperaturmålingane i sommar har gitt store utslag.

Philipp Fischer ved Alfred-Wegener-Institut

Her kjem signala frå undervassobservatoriet inn, fortel professor Philipp Fischer ved Alfred-Wegener-Institut.

Foto: Eivind Molde / NRK

Rekord i juli

– Vi ser at temperaturen i juli i år steig til 8,3 grader, og det er ekstremt høgt. Slike temperaturar har vi aldri hatt her før, seier han.

AWIPEV sine målingar starta i 2012. Men temperaturen i Kongsfjorden har vore målt langt tilbake i tid. Tendensen er tydeleg, ifølgje ei samanstilling av målingar som er gjort av Norsk Polarinstitutt og andre institusjonar dei siste 20 åra.

Ein samanhengande serie av målingar frå sommaren 1995 til 2015 viser at middeltemperaturen for heile perioden var 2,7 grader. Dei første ti åra var middeltemperaturen 2,2 grader og dei siste ti åra 3,3 grader. Temperaturen har altså vore 1,1 grad høgare i snitt dei siste ti åra.

Forskere måler stadig høyere temperaturer i Kongsfjorden.

Isfri fjord

– Målingane viser temperaturen langs eit “standardsnitt” som går frå indre til ytre del av fjorden, og dekker heile vassøyla frå overflate til botn gjennom 20 år, fortel forskar i oseanografi ved Norsk Polarinstitutt, Arild Sundfjord.

– Auken vi ser skuldast både at vatnet i havområda utanfor fjorden er blitt varmare og at sola i større grad kan varme opp vatnet, fordi fjorden er isfri. I tillegg har lufttemperaturen auka. Alle desse faktorane verkar saman, og i same retning, seier han.

Dei siste sju åra har mesteparten av fjorden vore isfri gjennom heile vinteren. Før kunne det vere opp til ein meter tjukk is her.

Ny-Ålesund og Kongsfjorden, Svalbard

Ny-Ålesund og Kongsfjorden er eit attraktivt område for forskarar. Her jobbar forskarar frå 20 land – ti av landa har eigen stasjon her.

Foto: Norut

Sundfjord har ikkje sett at det tidlegare er målt så mykje som 8,3 grader på 10–12 meters djup i Kongsfjorden i juli.

Forskarar frå mange land driv forsking i Kongsfjorden. I tillegg til dei som har faste stasjonar, er det mange institusjonar som sender grupper på kortare eller lengre feltopphald kvart år, spesielt i sommarsesongen.

Arild Sundfjord

Arild Sundfjord er forskar i oseanografi ved Norsk Polarinstitutt.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Varmare arktisk klima

– Kongsfjorden er interessant fordi han ligg vest på Spitsbergen, i overgangssonen mellom påverknad frå det varme atlantiske vatnet og det kalde vatnet frå Polhavet, seier Sundfjord. Derfor er dette ein stad der effektane av den pågåande oppvarminga blir tydelege, og området er svært godt eigna for å studere overgangsfasen til eit nytt, varmare arktisk klima, seier han.

Alt liv i fjorden blir utfordra av at temperaturen stig. Forskarane er spente på kva som vil skje med livet i Kongsfjorden.

– Vi veit kva som kan komme til å hende dersom temperaturen held fram å auke. Blant anna vil ein del organismar ikkje vere i stand til å reprodusere seg som før, dei vil vekse raskare eller seinare. Vi vil også kunne få fleire organismar inn frå Atlanterhavet, samtidig som vi misser organismar frå den polare sida, seier Philipp Fischer ved Alfred-Wegener-Institut. Dette kan endre heile økosystemet i fjorden, seier han.

Fra Kongsfjorden

Høgare temperatur får store konsekvensar for livet i Kongsfjorden.

Foto: Geir Johnsen / NTNU/UNIS