REM skal drifte skip frå Fosnavåg

Det opplyser finansdirektør Ola Beinnes Fosse til NRK.

For om lag to veker sidan blei REM Offshore offisielt historie då dei fusjonerte med Solstad Offshore. Dette skjedde etter at REM ikkje fekk gjennomslag for forslaga til refinansiering av obligasjonslåna sine.

Solstad Offshore er eit reiarlag frå Skudeneshavn i Rogaland, og det er her det nye selskapet sitt hovudkontor skal ligge.

– Situasjonen kan endre seg

I dag blei det klart at dei atten skipa til REM framleis skal driftast frå Fosnavåg i Herøy.

Ola Beinnes Fosse

Finansdirektør Ola Beinnes Fosse.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fosse seier at dette er ei positiv tillitserklæring til dei tilsette.

Men han understrekar at dette gjeld på kort sikt, og at situasjonen kan endre seg alt etter om Aker Solstad lukkast med den konsolideringa dei no held på med.

– I tillegg vil marknadssituasjonen kunne påverke om ein må gjere noko med arbeidsplassane i Fosnavåg etter kvart, seier Fosse.