Rosenborg sikra seriegullet i Molde

Det var danskar som sytte for å sikre gullet, fem serierundar før sesongen er over. Mike Jensen og Christian Gytkjær snudde kampen etter pause, etter ein førsteomgang som var under pari frå serieleiaren sin side.

– Det kjennest fantastisk. Eg kan ikkje beskrive det. Dette er utruleg, sa kaptein og tomålsscorar Mike Jansen til TV 2.

– Vi har kampar igjen, men i kveld har vi lov til å feste litt, sa Jensen før bussturen heim til Trondheim.

Danmarks landslagssjef Åge Hareide sat på tribunen på sin gamle heimebane.

– Har du ambisjonar om landslagsspel?

– Ja, sjølvsagt har eg det.

Supporterar i gullhatt

Det tok lang tid før dei omtrent 5000 tilreisande trønderane forlet tribunene. Deretter kunne spelarar, leiarar og dei mange gullhatt-kledde supporterane som hadde teke turen til Molde, juble for formell sikring av seriemeisterskapet som reelt har vore klart lenge.

Og ha ei lystig heimreise til Trondheim.

– Det er ein mental tøff gjeng. Vi veit at om vi gjer det vi skal, scorar vi. Vi var ikkje presis nok før pause, men det gjorde vi i andre. Då er vi betre enn alle dei andre, seier Kåre Ingebrigtsen.

Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær er samd i det.

– Vi hadde ikkje uflaks i dag, vi tapte for eit betre lag. Det er surt at dei avgjer det her, men Rosenborg har vore klart best i år, seier Solskær.

Ingen sigar

Men han vil ikkje røyke sigerssigar slik Erik Hamren gjord ei tilsvarande situasjon i 2009.

– No skal vi nyte bussturen heim. Den blir fantastisk. Og det er røykeforbod i bussen.

– To seriemeisterskap og kanskje to cupmeisterskap på rad. Kven skal ta kampen opp med Rosenborg?

– Eg reknar med at vi ser eit sterkare Molde neste år, når Ole får spela inn laget sitt, seier Ingebrigtsen.

Før han går på bussen.

Molde best før pause

Rosenborg hadde eit stolpeskot tidleg i kampen, men elles var det Molde som var farlegast før pause.

Molde jubel

FØRSTE OMGANG: Molde er best, og her jublar dei etter Bjørn Sigurdarssons leiarmål

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Derfor var det fortent då Bjørn Sigurdarsson sende Molde i føringa. Joshua Gatt la inn frå dødlinja, over hele feltet, der Sigurdarsson skaut på heil volley. André Hansen var på ballen, men kunne ikkje hindre scoring.

Men etter pause sikra gjestene gulljubelen. Dei tetta igjen bak og gav aldri heimelaget reell sjanse til å auke leiinga.

Tvert imot.

Snudde kampen

Det begynte med Mike Jensen. Jonas Svensson gjekk nesten til dødlinja før han la tilbake til Jensen, som hamra inn utlikninga – Moldes baklengsmål nummer 600 på øvste serienivå.

Christian Gytkjær

SNUR KAMPEN: Christian Gytkjær har sett inn 2-1 og snudd kampen

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Rosenborg hadde poenget dei trengde, men gav seg ikkje der. Helland løfta ballen mot lengste stolpe – og trefte. Frå stolpen treffer ballen Gregoriussen, trillar mot målstreken der keeper får in finger på den og set dermed sin eigen forsvarsspelar ut av spel. Eliteseriens suverene toppscorar Christian Gytkjær får derfor lett spel med å pirke inn 2–1.

Eit skikkeleg rotete mål, men godt nok likevel for RBK.

Då hadde det meste av lufta gått ut av Molde. Resten av kampen blei ein transportetappe mot det lenge venta gullet. Derfor var det ingen overrasking at Mike Jensen dundra inn 3-1 frå 16-metersstreken tre minutt før full tid.

Som i 2009 tok Rosenborg gullet heime hos erkerivalen.

Artikkelen blir oppdatert!