Satsar på sau og musikk

– Det hadde sikkert vore lurt å blitt buande i Bergen om eg berre skulle tenkt på musikarkarrieren mi, men det handlar om kva veg eg vil gå, seier Line Dybedal.

For debutplata si “Til kjærleiken” fekk Dybedal mellom anna terningkast seks i NRK P1, og ei svært rosande omtale i Dagens Næringsliv.

Les også: Sjå og høyr Line si julelåt

Det er kanskje ikkje ofte ein høyrer om at unge, lovande musikarar flyttar heim for å bu på gard, men for både artisten sjølv og mannen Per Helge Helgesen var valet klart.

– Eg har budd 11 år i Bergen, og det har heile tida vore eit sakn etter livet heime, og etter det å flytte heim, seier Helgesen.

Per Helge Helgesen med sau og barnevogn

EIN MODERNE MANN: Per Helge Helgesen er småbarnsfar og sauebonde

Foto: Line Dybedal

Likar gardsarbeidet

Han vaks sjølv opp på garden der han og kona no har slått seg ned, på Berstad, langs Moldefjorden i Selje. Medan kona lagar musikk, er det han som tek det meste av gardsarbeidet.

– Eg er oppvaksen på gard, og eg har alltid likt det arbeidet. Det er mykje arbeid, men eg veit at det er noko eg likar og trivast med.

Det viktigaste arbeidet på garden er likevel musikken, og den spelar Dybedal inn i eit heimesnikra studio i løa på garden.

Per Helge Helgesen og sonen Reiel

REIEL ER MED: Når Per Helge er ute og ser etter sauene sine tek han gjerne med seg sonen Reiel i eit mageband

Foto: Harald Kolseth / NRK

Overraska med gardsstudio

– Mannen min bygde studioet i all løyndom, og så overraska han meg ein dag då det var ferdig. Det betyr veldig mykje for meg å kunne ha den staden å arbeide, seier Dybedal

Og det er ikkje berre nye radioslagarar ho lagar i løestudioet sitt, ho har også engasjert seg mykje i det lokale musikklivet i Selje.

– Eg er så heldig at eg har fått veldig mange tilbod sidan eg flytta heim, og nokre av dei tenar eg til og med pengar på. Nett no jobbar eg med å skrive notar som skal brukast av Selje skulekorps.

Gardsstudioet til Line Dybedal

GARDSSTUDIO: I løa på garden har Line Dybedal fått sitt eige musikkstudio.

Foto: Line Dybedal

Tek framtida som ho kjem

Lokal korpsmusikk er kanskje ikkje det alle popstjerner drøymer om, men Dybedal likar det. Om det å flytte heim var eit feilsteg i karrieren er likevel eit ope spørsmål for ho.

– Det veit eg ikkje endå. Eg må nesten berre vente og sjå korleis det går. Så lenge eg er soloartist går det i alle fall fint, då kan eg jo jobbe kor som helst. Eg kan like gjerne skrive musikk medan eg er ute og fiskar som nokon annan stad.