Sekkingstad: – Det har vore eit år i terror

Han fortalde om den forferdelege tida, men bad om forståing for at han i tida framover må få vere i fred saman med familien sin her i landet. Han sa at det såg spesielt stygt ut før presidentvalet. Då var det vanskeleg å tru at han skulle kome ut i live.

Sekkingstad skildra korleis det utvikla seg til eit nært vennskap med dei andre gislane, og at dei visste at ein av dei, eller alle saman, ville bli avretta.

Utanriksdepartementet har fortalt til NRK at Sekkingstad ikkje har reist åleine til Noreg, og at han har hatt eit støtteapparat rundt seg.

Nordmannen vart sett fri frå fangenskap hos den filippinske Abu Sayyaf-geriljaen sist helg. Han har fortalt om forferdelege opplevingar med truslar om halshogging, matmangel og psykisk terror.

Sekkingstad har vore gjennom legeundersøkingar og debrifing i den filippinske hovudstaden Manila. Han har også vore i avhøyr hos filippinske styresmakter om det han veit om Abu Sayyaf-geriljaen etter tida som gissel der.

For filippinske styresmakter kan dette vere svært viktig informasjon i deira jakt på Abu Sayyaf.

Kjartan Sekkingstad har sagt at han no ynskjer å vere ei tid saman med familien sin i Noreg, men at han ynskjer å reise tilbake til Filippinane, der han budde fast til han vart bortført i fjor. Han er opphavleg frå Sotra utanfor Bergen.

Dei to kanadiske medgislane John Ridsel og Robert Hall vart halshogde av geriljaen i april og juni i år. Sekkingstad var nestemann på lista til å bli likvidert.

Den norske ambassadøren i Filippinane, Erik Førner, seier at det siste året har vore som ei berg- og dalbane for den norske gisselen.

Abu Sayyaf-geriljaen held framleis 11 utanlandske gislar. Løysepengar for gislar er den viktigaste inntektskjelda til den islamistiske grupperinga. Dei har sagt at dei har fått rundt 10 millionar kroner for nordmannen.

Saka blir oppdatert

Terrorforsker: – Private løsepenger vil øke faren for andre

Terrorforsker: – Private løsepenger vil øke faren for andre

Ble hyllet etter løslatelsen av Sekkingstad – skal ha fått andel av løsepengene