Seks hjortar påkøyrde på kort tid

Hausten er over oss, og det er ei på mange måtar farleg tid for hjortedyra våre. Haustmørke og trekketid for hjorten skaper farlege situasjonar for dyr og menneske langs vegane.

Berre sidan 21-tida måndag kveld og fram til 10-tida tysdag føremiddag vart seks hjortar påkøyrde i fylket:

** Klokka 21.05 måndag kveld vart det meldt om påkøyrd hjort på E39 mellom Førde og Bruland.

** I Gaular vart det klokka 21.35 meldt om påkøyrd hjort på E39 sør for Sande.

** Klokka 05.30 melde politiet om ein påkøyrd hjort på Fodnes i Lærdal.

** Klokka 07.08 melde politiet om at ein hjort var påkøyrd på Kaupanger.

** Og i 10-tida melde politiet om at to hjortar var påkøyrde på fylkesveg 57 ved Leirvik i Hyllestad.

Bygger langt gjerde

På Fodnes i Lærdal set Statens vegvesen opp eit viltgjerde for å hindre fleire hjortepåkøyrsler. Gjerdet er cirka 1100 meter langt og strekker seg frå ferjekaia og opp til Svartagjelet.

– Gjerdet skal hindre sju påkøyrsler i året. Ei påkøyrsle kostar 50.000 kroner, og teorien er at gjerdet skal spare samfunnet for 350.000 kroner årleg. Gjerdet skal altså vere nedbetalt på tre-fire år, seier viltforvaltar i Lærdal, Aurland og Årdal, Knut Fredrik Øi.

– Gjerdet kostar cirka ein million kroner, seier viltkontakt i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Ann Kristin Nes.

Lærdal er heilt i landstoppen på hjortepåkøyrslar. Kombinasjonen mykje vilt og sterk trafikkert E16 og riksveg 5 er noko av forklaringa. Frå hausten 2014 til hausten 2015 vart det påkøyrt rundt 60 hjortar i Lærdal kommune. Gjennomsnittet 2008-2013 er 41,4 hjortar, ifylgje rapport utarbeidd av viltforvaltar Øi.

Også Flora og Høyanger kjem høgt opp på den negative statistikken over gjennomsnitt tal påkøyringar i landet.

Oppfordring

Politiet ber deg vere forsiktig.

– Mange veit om dei faste hjortetrekka. Vi oppmodar bilistar og andre til å følgje ekstra godt med no når hausten er over oss, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Vest politidistrikt.

Dei verste påkøyringsmånadene er frå oktober og ut februar.