SISTE: To pågrepet etter dødsfall på øy i Ryfylke

Det var klokka 0945, søndag morgon, at politiet melder at dei har arrestert to menn på 58 år, i samband med det som politiet kallar eit mistenkeleg dødsfall på Ombo i natt.

Operasjonsleiar Sølvi Didriksen Ravndal. i politiet i Stavanger,stadfestar at politiet reiste til Ombo for å undersøke hendinga.

– Me har mange mistenkelege dødsfall, og nokre er det større grunn til å undersøke nærare enn andre, seier Ravndal til NTB.

Gav beskjed til AMK

Det var ved 04-tiden søndag morgon at politiet fekk melding om dødsfallet frå AMK-sentralen ved Stavanger Universitetssjukehus.

Politiet stadfestar til Aftenbladet at det då var ein person som hadde varsla AMK om dødsfallet.

NRK Rogaland kjem til å følge opp saka utover dagen.