Sjå bileta frå matfestivalane

På matfestivalen Matamål i Sandane var 47 ulike matprodusentar og utstillarar med på å gi glopparar og tilreisande mange, ulike matopplevingar.

Matamål byrja alt på onsdag, med eit kurs i hybelmat for hybelelevane på Firda vidaregåande skule- Laurdag var torgdagen på festivalen.

I gamle Lærdalsøyri gjekk Haustmarknaden av stabelen laurdag. Der var 50 ulike sortar grønsaker til sals, rakfisk, geitort, og mykje meir. Og i kakebakekonkurranser var det 12 år gamle Anja Evensen Brugran som stakk av med sigeren.

Sjå bilete frå Lærdal og Sandane øvst i saka.