Sjeføkonom: – Det går mot lysare tider

Både næringsminister Monica Mæland og lokale representantar frå næringsliv, akademia og forsking sit i salen når sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank i dag presenterer dei siste tala sine under økonomikonferansen Pulpit-konferansen i Stavanger konserthus.

Knudsen ser fram til å legga fram det såkalla «økonomibarometeret» for oljefylket Rogaland.

– Eg kjem endeleg med gode nyheiter. Etter nesten to år med ganske kraftig nedgang ser me nå at det flatar ut. Dette er den første undersøkinga som viser at botn er nådd, seier han.

– Me har ein sterk og stabil offentleg sektor

Knudsen seier at det er nedgangen i oljeservicebedriftene som nå er litt mindre enn tidlegare, og at andre lønsame næringar derfor veg opp for den nedgangen dei opplever.

– Me har ein sterk og stabil offentleg sektor og me har andre type eksportørar innan fisk og landbruk. Så når den negative påverknaden frå oljedelen går ned så får det ein veldig positiv effekt for regionen, seier han.

Han understrekar likevel at folk ikkje må ta det såkalla «Konjukturbarometeret» for meir enn det det er.

– Det betyr ikkje at det kjem ein snarleg oppgang, men det betyr at nedgangen er i ferd med å flata ut, og det er veldig gledeleg, seier han.

– Men pilene peikar nå oppover?

– Ja, ut frå tala våre gjer dei det. Så viss bedriftene har nokolunde rett i det dei trur, så kan me vera ganske sikre på at det nå ser betre ut enn det gjorde i vår, seier han.

Oppgang også i Hordaland og Agder-fylka

Dei har også sett på nabofylka i Agder og Hordaland, der oljeindustrien også veg tungt i det økonomiske bilete.

– Det er markert oppgang i både Hordaland, Agder-fylka og Rogaland. Den er størst i Rogaland, men sidan utgangspunktet her var noko verre her så er det framleis ikkje like bra som i Hordaland og Agder, seier han.