Sjefsidealist vil på Stortinget

I august vart det kjent at den mangeårige leiaren i organisasjonen Framtiden i Våre hender (FIVH) ønskar å toppa hordalandslista for Miljøpartiet De Grønne (MDG). Nå har nominasjonskomiteen gjort nettopp det.

– Eg vil inn i politikken og MDG fordi det hastar med å snu kursen. Endringane må skje mykje raskare enn det vi ser nå – vi er allereie på overtid. Derfor er eg utålmodig og føler at eg trengst i politikken.

Dermed sluttar han truleg i organisasjonen har har fronta sidan 2001.

– Viss medlemane vel meg på nominasjonsmøtet 26. november, seier eg opp leiarjobben i FIVH for godt og viar meg fullt og heilt for politikken, seier Hermstad.

– Med min bakgrunn frå miljø- og solidaritetsarbeid håpar eg å bidra til ein giv for De grønne som sikrar oss ein stortingsplass frå Hordaland.

Natalia Antonis Golis

BENKEFORSLAG?: Fylkesleiar Natialia Antonis Golis har ikkje bestemt seg for ho vil kjempa med Hermstad om førsteplassen.

Foto: MDG

Erstattar lokale toppar

Hermstad er frå Bergen, men har budd 15 år i Oslo, og melde seg inn i Miljøpartiet De Grønne for berre eit halvt år sidan. To andre medlemar ønska også å stilla som førstekandidat.

Fylkesleiar Natalia Antonia Golis er i staden plassert på andreplass av nominasjonskomitéen. Fylkespolitikar Tom Sverre Tomren, som var partiets stortingskandidat ved valet i 2013, trekte seg frå kampen, og er plassert på den såkalla «æresplassen» heilt nedst på lista.

Mobiliserer

GA OPP KAMPEN: Fylkespolitikar Tom Sverre TOmren ønska stortingsplass, men trekte seg då Hermstad melde seg som kandidat.

Foto: MDG

Golis, som arbeider med bygde- og næringsutvikling i Ulvik kommune, seier ho ikkje har avgjort om ho vil ta opp kampen om førsteplassen på nominasjonsmøtet.

– Vi er nøgd med å få Arild Hermstad på førsteplass og med alle dei andre listekandidatane, seier leiar i nominasjonskomitéen, Kåre Spissøy,

Vil gjere fylket fossilfritt

Hermstad vil at Hordaland skal satsa på fornybar-turisme, bli det første fylket i landet som kvittar seg med fossil personbiltrafikk, og at alle ferjer blir elektriske.

– Vi treng tøffare politisk styring av nærings- og samferdslepolitikken. Så langt har våre «ansvarlege» politikarar svikta, særleg i klimasaken. Dei manglar mot og peikar heller på forbrukarane og næringslivet og håpar på at dette går bra.