Sjømæling: – Trur ikkje det blir tvangssamanslåing

Med 10 mot 7 stemmer vedtok kommunestyret i Gjemnes å framleis stå som eigen kommune under eit kommunestyremøte 28. juni.

Men møter som fylkesmannen har hatt med kommunen den siste tida har skapt uro og uvisse i Gjemnes.

– Fylkesmannen har gitt signal tilbake til oss om at dei kjem til å kome med ei anna innstilling enn at Gjemnes får halde fram aleine, seier ordførar Knut Sjømæling.

Trur ikkje på tvang

Men Gjemnes-ordføraren trur likevel at vedtaket som kommunen har gjort om å halde fram som eigen kommune blir ståande.

– Det er det vedtaket som kommunane har gjort som blir sendt til Stortinget og som Stortinget vil gå for. Det er i alle fall dei signala eg har fått, seier Sjømæling.

– Du trur ikkje at Stortinget kjem til å bruke tvang?

– Nei, eg trur ikkje det. Eg trur ikkje det er populært med tvang tre månader før neste stortingsval, seier Sjømæling.