Skeiv Ungdom stifta lokallag i Sogn og Fjordane

I dag var ei gruppe ungdommar frå Sogn og Fjordane samla i Førde for å stifte eit heilt nytt lokallag i Skeiv Ungdom

– Eg trur dette er noko folk har ønskt å ha lenge. Vi er ikkje åleine her i Sogn og Fjordane, så vi må berre nå ut til folk, seier Simon Kvile, som i dag var vald til leiar for lokallaget.

Møteplass for skeive

Skeiv Ungdom er ein ungdomsorganisasjon for lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, og andre som fell utanfor dei seksuelle og kjønnsbaserte normene i samfunnet.

Ungdomane som var med å stifte laget i dag håper å kunne vise at det er mange skeive, sjølv om det ofte ikkje virkar slik. Det viktigaste er få møteplassar for skeive i Sogn og Fjordane.

– Vi bur veldig spreidd her i fylket, så å ha ein felles arena der folk kan komme og møte likesinna, er veldig viktig, seier Mats Sundsøy Hallstensen, som er nestleiar i det nye lokallaget.

Det er veldig vanleg at homofile og transpersonar frå små stadar flyttar til større byar. Derfor meiner desse ungdomane at det er ekstra viktig å samle skeive ungdommar i denne regionen.

– Det kan vere bra for å motverke fråflytting frå fylket. Vi har lyst til å ha skeive folk her i fylket, og at ein ikkje er nøydd til å flytte til Oslo fordi det kun er der det er eit miljø for det, seier Mats.

– Lett å kjenne seg åleine

– Det er så store avstandar mellom oss her, at det føles som at det er berre meg, og det er lett å kjenne seg åleine. Men no kjem vi til å reise rundt i heile fylket og prøve å lage samlingspunkt, seier Simon.

På oppstartsmøtet i dag var det òg med nokre medlemmar frå Skeiv Ungdom sitt lokallag i Hordaland, for å dele erfaringar om det å drive eit lokallag.

Der har dei hatt ei stor auke i medlemstalet dei siste åra.

– Vi er flest i Bergen, men vi har òg jobba med å ha meir aktivitet på mindre plassar òg, det er viktig å ha miljø for skeive òg utanfor Bergen, seier Felix Lillejord Fotland, som er leiar for organisasjonen sitt lokallag i Hordaland.