Slår alarm om fastlege-mangel

Ei kartlegging gjort av Nasjonalt senter for distriktsmedisin (NSDM) i Tromsø viser at det står dårleg til med legedekninga i mange av dei mindre kommunane i landet.

Nær kvar femte mindre kommune manglar fastlege eller lege i legevakt.

Tal på kommunar med fastlegevikar i tre månader eller meir:

Laster kart, vennligst vent…

For å se dette innholdet, må du aktivere JavaScript i nettleseren din.

– Sjukehusa stel legane

Ifølgje leiar i NSDM, Helen Brandstorp, spreier problemet seg også i større grad til større kommunar.

– No får ein rapportar frå dei store byane, også universitetsbyane, om at det er utfordringar knytt til rekruttering.

Ifølgje Brandstorp er problemet at sjukehusa lokkar til seg for mange av legane. Grunnen er betre ordningar og omlegginga av turnuslegeordninga.

– Meir ordna permisjons- og utdanningsordningar verkar å ha gjort sjukehusa til ein betre arbeidsplass. Det gjer det lettare å reisa på kurs og vera heime med sjukt born. Omlegginga av turnuslegeordninga gjer at unge legar vel sjukehus, og det gjeld ikkje lenger berre i distrikta.

Helen Brandstorp

UROA: Leiar ved Nasjonalt senter for distriktsmedisin (NSDM) i Tromsø, Helen Brandstorp, fryktar problemet skapar store skilnader i helsetilbodet i Noreg.

Foto: Privat

– Vikarar drifta legesenteret

Likevel er gjennomtrekken av legar størst i dei små kommunane. Difor har senteret starta eit internasjonalt prosjekt for å betra situasjonen i distrikts-Noreg.

Tre kommunar vart plukka ut blant kommunane i landet som har størst problem med å trekkja til seg legar. Odda er, saman med Meløy og Årdal, valt ut av kommunane i Noreg til å vere med.

Det treårige prosjektet «Recruit and Retain – making it work» har som mål å betra legedekninga i kommunane.

– Kommunane vil få hjelp gjennom forskingsbasert kunnskap om korleis ein skal gå fram for å halda på fastlegane, men også gjennom diskusjonar med andre kommunar som har lukkast, seier Brandstorp.

Marit Hammersland Dagestad

TRENG HJELP: Områdeleiar for helse i Odda kommune, Marit Hammersland Dagestad, trur deltakinga i prosjektet kan styrka kommunen sine sjansar i jakta på unge legar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Hardanger-kommunen Odda har i lang tid slite med fastlegedekninga og prøvd ulike metodar for å gjera jobben attraktiv – utan å lukkast.

– Me klarar ikkje å rekruttera legar. Ved eitt legekontor var det ei stund berre vikarar som drifta legesenteret. Det går utover innbyggjarane våre som heile tida må fortelja livshistoria si på nytt, fortel områdeleiar for helse, Marit Hammersland Dagestad.

– Mange skyv problema under teppet

Brandstorp ser med uro på den nasjonale utviklinga og meiner mange kommunar vel å snu seg vekk frå realitetane.

– Det er nokre kommunar som helst vil skyva desse problema under teppet fordi ein trur at slike problem gjer ein endå mindre attraktiv. Openheit er viktig, sa Brandstorp under opningsdagane av prosjektet i Bergen denne veka.

Brandstorp fryktar at det aukande rekrutteringsproblemet skapar store geografiske skilnader i kva type helsetilbod norske pasientar får.

– Både for pasienten og for norsk økonomi er det best at folk vert tekne hand om av legane i kommunen der dei bur. Ved stor utskifting vert kvaliteten på tilbodet dårlegare.