Slik hindrar dei at «Karl» reiser med eplene

Fruktbonden på Sandane ynskjer seg solrike dagar og kalde netter.

Det kommande døgnet er det noko heilt anna i vente.

– Kraftig vind og mykje regn er ein dårleg kombinasjon. Sterk nok vind gjer staurane lause og set trea i rørsle og så byrjar epla å falle ned. Dett dei ned i toppen, så dreg dei ofte med seg fleire på vegen mot jorda, seier Jon Slagstad medan han plukkar det han kan av modne eple frå trea.

OBS-varsel i 11 fylke

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for elleve fylke når restane av tropestormen Karl kjem på besøk. Det kan komme opp mot 90 millimeter nedbør i fylket, og ved Stad vil det blåse full storm. Fullt så gale vil det nok ikkje bli lenger inne i landet, som til dømes hos fruktbonden Slagstad.

– Blir det full storm her, så blir epla så lause at mykje vil falle ned, seier han.

– Kva gjer du om du vaknar opp i morgon og epla ligg strødd?

– Då går ein på med godt mot, plukkar epla og leverer inn til Hauge der dei blir til eplesaft, likør og snaps. Eg tapar sjølvsagt pengar, men det blir bra for dei som kjøper.

Blir ikkje nervøs

– Det vi ynskjer er godvêr med solrike dagar og kaldt om nettene. Då kjem fargen i epla. Heldigvis er det mildt no, held Slagstad fram.

Bonden på Sandane er i ferd med å avvikle mjølkeproduksjonen og vil framover satse meir på frukt og bær. At det no blir dårleg vêr, gjer han ikkje nervøs.

– Ein må berre ta det som det kjem. Det er ikkje vits å ligge å vake over dette, seier han.

Nærmar seg slutten

Statsmeteorolog Haldis Berge seier vinden og nedbøren vil auke på utover ettermiddagen.

Ved vêrvarslinga på Vestlandet opplyser dei i 18.30-tida at fronten til «Karl» er byrja å gå over og at vinden i ettermiddag har vore oppe i liten storm ved Kråkenes. Når vinden no snur vil den auke på ved Stad, før den dabbar av att utover natta.

Då vil også nedbøren gå over til bye.

– Det er venta sørleg liten storm på kysten og i fjellet. I kveld dreier vinden sørvest, med full storm rundt Stad. Det er venta vindkast på 25 til 30 meter per sekund. Fram til onsdag morgon er det venta opp mot 90 millimeter nedbør, seier Berge.