Sogn og Fjordane Teater med thriller om ekteskapet

– Vi er eit lågterskeltilbod, og ei spesialteneste. Når folk opplever konfliktar som handlar om kommunikasjon, ynskjer vi at dei tek kontakt, og gjerne før det har blitt store problem, seier leiar Irene Havn ved Familiekontora i Sunnfjord og Sogn.

Teaterstykket “Kvinna frå før” tek mellom anna opp slike problem. I stykket dukkar ein ekskjærast frå langt tilbake i tid opp på døra til ekteparet Frank og Claudia. Kvinna krev at Frank innfrir løftet han gav henne den gongen om å elske henne for alltid, noko som set ekteskapet på spel.

Kvinna frå før

THRILLER: Kjenslene blir skumle i Sogn og Fjordane Teater sitt nye stykke.

Foto: SOGN OG FJORDANE TEATER

– Det handlar om familieverdiar, og om å ta rette val i livet. Det handlar også om kva eit løfte er verd, seier regissør Terje Skotseng Naudeer.

Gir rom for å høyre kvarandre

Liv Sæbø jobbar som familieterapeut i Førde. Ho er tett på konfliktane til klientane sine.

Kven kan få hjelp av ein familieterapeut?

– Det er veldig mange, frå vogge til grav. Mange kjem for å få hjelp til parforholdet sitt, men vi møter også folk som skal skilje seg eller har konflikt, og treng hjelp til å jobbe godt saman som foreldre, seier ho.

Liv Sæbø

TERAPEUT: Liv Sæbø på venterommet til Familiekontora i Sunnfjord og Sogn.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Liv Sæbø og Irene Havn

AKTUELT: Liv Sæbø (til venstre) og Irene Havn meiner at eit teaterstykke som ‘Kvinna frå før’ kan fungere som ein samtalestartar for par om deira eigne samliv.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Kva kan ein terapeut gjere som paret ikkje kan gjere sjølv?

– Eg trur vi kan hjelpe dei til å i større grad høyre kvarandre, til å ta den andre sitt perspektiv, og til å gå ut og opp av skyttargravene.

Vanleg at ein tredjeperson trugar forholdet

Anna Dworak har rolla som Claudia, kona, i Kvinna frå før. Ho meiner at karakteren hennar gradvis byrjar å frykte ekskjærasten som gjer krav på mannen hennar.

– Fyrst tar ho det ikkje heilt på alvor, sidan forholdet ligg langt tilbake i tid. Men så har det noko med mannen hennar å gjere, måten han taklar det på. Han manglar tydelegheit og tydelege val. Det rokkar ved heile tilværet, ved heile ekteskapet, fortel ho.

Liv Sæbø ser ofte liknande problem i terapirommet, og gjer seg tankar om situasjonen i teaterstykket.

– Det er klart at ein tredjeperson i biletet er noko av parproblematikken vi jobbar med.

Kva synest du om at teateret tek opp slike problemstillingar?

– Eg synest at teater skal ta samfunnet på pulsen og ta opp det som er utfordrande, så i utgangspunktet trur eg det er ein bra ting. Samtidig trur eg at aktualiseringa av slike tema kan setje i gang godt og viktig oppryddingsarbeid i den enkelte familie.